Ny jobb

Geir Ove Vegsund

Ny direktør ved Formfin.

07.04.2022
Geir ove vegsund portrett foto sykkylven kommune 11

Geir Ove Vegsund er ny administrerande direktør ved Formfin. Vegsund overtok direktørstolen ved møbelbedrifta i Sykkylven frå 1. april, ifølgje Sunnmørsposten.

Vegsund eig også ein tredel av aksjane i selskapet, samtidig som han er styreleiar. Ein ny person er på veg inn i sistnemnte rolle i løpet av kort tid.

Vegsund meiner møbelbedrifta treng fleire bein å stå på – og satsar på eksport.

– Men målet vårt er å ekspandere med eksport til utlandet. Vi må ha fleire bein å stå på. I dag sel vi møblane våre berre i Norge. Og så er vi godt i gang med å bygge opp ein breiare stolkolleksjon, fortel han til avisa.

Publisert: 07.04.2022 11:52

Sist oppdatert: 04.05.2022 16:38

Mer om