Ny jobb

Sunniva Ullavik Erstad

Tilsett som kommunikasjonsrådgivar for Bypakke Ålesund.

17.09.2021
Sunniva Ullavik Erstad privatfoto

Sunniva Ullavik Erstad (32 år) er tilsett som kommunikasjonsrådgivar for Bypakke Ålesund.

Ho har ein mastergrad i medievitskap frå Universitetet i Bergen. Ho har óg studert kreativ webdesign. Sunniva Ullavik Etstad har tidlegare jobba som kommunikasjonsrådgivar i VIS og i Kystverket. Ho kjem frå ei stilling som kommunikasjonsrådgivar på NTNU.

Bypakke Ålesund er den største samferdselsinvesteringa i Ålesund på lenge, både knytt til bompengar og til alle som blir berørte av utbyggingsprosjekta. For å lykkast med prosjekta, er god kommunikasjon til rett tid viktig. Nedbetalinga av Bypakken er fordelt på omlag 15 år og minst 24 små og store prosjekt, til ein verdi av 4 milliardar kroner.

Ein viktig del av kommunikasjonsjobben er å legge til rette for at interessentar og innbyggarar får informasjon til riktig tid om samferdsels- og utviklingsprosjekt som gjeld dei. Både Statens vegvesen, Møre og Romsdal fylke og Ålesund kommune har ansvar for å kommunisere sine prosjekt. Men kommunikasjonsrådgivaren skal samordne og sørge for at det som går ut blir einskapeleg. Stillinga ligg til Ålesund kommune, i kommunikasjons- og trykkeristaben.

Det var 10 søkarar til stillinga. Sunniva Ullavik Erstad begynner i stillinga 18. oktober.

Publisert: 17.09.2021 11:05

Sist oppdatert: 17.09.2021 14:50