Jon Steven Hasseldal Eva Vinje Aurdal Foto Marius Rosbach
BETRE ENN VENTA: Kommunedirektør Jon Steven Hasseldal og ordførar Eva Vinje Aurdal i Ålesund, fekk eit betre 2022-resultat enn venta. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ålesund fekk 137 millionar i overskott

Kommunen styrer klar av Robek-lista.

Marius Rosbach
22.02.2023
Ålesund kommune sitt foreløpige rekneskap for 2022 viser eit driftsoverskot på kring 137 millionar, ifølgje ei melding.


Resultatet svarar til ein driftsmargin på 2,3 prosent og gjer at kommunen styrer klar av Robek-lista – over kommunar som blir sett under statleg styring.

Formannskapet skal gå gjennom rekneskapen på sitt møte 14. mars.

Fleire årsaker til betre resultat enn venta
Bakgrunnen for overskotet vart kring 20 millionar betre enn venta, er i hovudsak at kommunen fekk meir inntekter enn venta frå skatt, mottak av flyktningar, utbetaling frå Havbruksfondet og støtte i samband med koronapandemien. I tillegg vart finanspostane betre enn budsjettert.

Etter avsettingar til fond og dekking av tidlegare års meirforbruk endar kommunen opp med eit årsresultat på 36 millionar, som blir sett på disposisjonsfond, ifølgje ei melding frå kommunen.

Effekt av omstilling
Komunen byrjar også å sjå økonomisk effekt av omstillingstiltaka som er gjennomført.

- Trass i at kommunen fortsett har hatt eit høgare driftsnivå enn føresett i budsjettet, er det positivt å sjå at omstillingsarbeidet no har begynt å verke. Det er avgjerande viktig at dette arbeidet fortsett med full styrke også i 2023, slik at nye Haram og nye Ålesund kan starte opp med eit god økonomisk fundament i botnen, uttaler ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) i meldinga.

Publisert: 22.02.2023 13:09

Sist oppdatert: 22.02.2023 13:14

Mer om