- Endeleg er heile flåten i arbeid
Island Offshore ser lysning og flaggar inn skip - men slit med å rekruttere fleire norske sjøfolk.
- For oss er det viktig å ha norske sjøfolk og vere eit mest muleg norsk selskap. Tyngdepunktet av vår operasjon er framleis i Nordsjøen, sjølv om mange skip opererer lenger sør akkurat denne vinteren.
- Betre marknader ute gjer også situasjonen på heimebane betre.
Det seier adm. dir. Tommy Walaunet i Ulsteinvik-baserte Island Offshore.
Frå Bahamas til NIS
Selskapet har nyleg flagga PSV-en Island Champion over frå Bahamas-flagg til NIS-flagg.
Dette er gjort i samband med at skipet er inne til 15-årsklassing ved Vard Langsten i Tomrefjord.
- Etter denne endringa er heile flåten vår registrert i anten NIS- eller NOR-registeret, seier Walaunet.
Totalt har Island Offshore ein flåte på 26 skip, og rundt 1.000 tilsette.
Betre rater
Frå 1. mars vil alle skipa vere i arbeid.
- Det er nok 5-6 år sidan alle Island Offshore-skipa var i aktivitet, seier Walaunet.
Han synst dette er svært gledeleg, men seier at det på nytt kan verte lagt skip i opplag.
- Det er marknaden og innteninga som avgjer dette. Sjølv om vintersesongen normalt er tøff, ser vi at både rater og aktivitet er betre enn sist vinter. Dette lovar godt og vi vel å vere optimistiske. Vi ser fleire mulegheiter for skipa no enn på lenge.
- Bør utvinne brønnane betre
Sist ut i arbeid av Island Offshore-flåten er brønnintervensjonsskipet Island Wellserver, som frå 1. mars skal i arbeid for Equinor på norsk sokkel – eit oppdrag som varer til august.
Island Wellserver ligg no på Hareid.
Det andre brønnintervensjonsskipet, Island Constructor, har vore på oppdrag utanfor Angola, men skal no tilbake til Nordsjøen.
- Vi har stor tru på fleire slike oppdrag framover. Med dagens oljepris er det god økonomi for oljeselskapa å forbetre utvinning og lønnsemd frå dagens brønnar gjennom brønnintervensjon. Slik kan norsk ekspertise også bidra til å løyse verdas energiutfordringar samt oppretthalde verdiskaping på norsk sokkel.
Walaunet meiner myndigheitene bør fokusere endå meir på å utvikle eksisterande ressursar.
- Blant anna gjennom aktive tiltak for auka utvinning, spesielt frå subseabrønnar. Dette er ei betydeleg mulegheit.
Det er nok 5-6 år sidan alle Island Offshore-skipa var i aktivitet
Vil ha fleire norske sjøfolk
Samstundes merkar selskapet at det er vanskelegare å rekruttere norske sjøfolk, spesielt enkelte stillingar.
- I tillegg er det krevjande å konkurrere internasjonalt med ein norsk modell. Ein må derfor kombinere ulike modellar og nasjonalitetar for å finne ei konkurransedyktig og god løysing for kvart skip og kontrakt.
Han trur at knappheita på norske sjøfolk delvis skuldast dei problema næringa har vore gjennom.
- Mange har nok slutta i offshore fordi det har vore så mykje usikkerheit knytt til utsiktene framover.
- I tillegg har sjølvsagt pandemien medført høgare sjukefråver som krev fleire erstattarar.
Gode tider i fiskeri og oppdrett
Men Walaunet trur det finst endå ei forklaring.
- Samstundes har det vore mange andre attraktive jobbar i den maritime næringa, ikkje minst innanfor brønnbåt og fiskeri, med gode løns- og arbeidsvilkår.
Han håpar at fleire norske sjøfolk no vil sjå mot offshoremarknaden igjen.
- Dette er viktig for oss og viktig for Norge som sjøfartsnasjon.
Publisert: 28.01.2022 10:55
Sist oppdatert: 01.01.2023 14:02