11 prosent vekst i bedriftsetablering
Bergljot Landstad
Nytt

11 prosent vekst i bedriftsetablering

Talet på nyetableringar aukar over heile fylket.

12.05.2016
- Det er positivt å sjå at det er vekst i nyetableringar. Tala bekreftar inntrykka vi har hatt av at mange ser nye muligheiter. Vi vonar at denne trenden held fram, seier Bergljot Landstad, regional- og næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune,
I 2015 vart det etablert 2142 nye bedrifter i Møre og Romsdal. Det er ein auke på 221 samanlikna med året før, som tilsvarar ein auke på 11 prosent.

Oljenedtur gir vekst

- Det ser ut til at det er vekst i nyetableringar i kommunane som er hardast ramma av fall i oljeprisen og auka arbeidsløyse, seier Landstad.
Nordmøre fekk 515 nye bedrifter og stod aleine for litt over halvparten av veksten. Her hadde Kristiansund, Averøy, Aure og Surnadal størst prosentvist auke.
På Sunnmøre vart det etablert 1173 bedrifter, ei auke på 98 frå året før. Det er særleg Ulstein, Herøy, Hareid, Volda, Vanylven og Giske som utmerka seg. Romsdal toppa så vidt fjoråret med 454 nye etableringar, med størst auke i Molde, Rauma og Vestnes.

Fleire spør etter hjelp

Etableringstakta det siste året har vore merkbar også for hoppid.no-kontora, fylkeskommunens gründerhjelp i samarbeid med Innovasjon Norge og kommunane. Mange har meldt frå om auka etterspurnad etter rettleiing og hoppid.no-midlar.
- For å møte gründerane sine behov, har vi i år auka både etablerarstøtta gjennom hoppid.no-kontora og støtte til tiltak som bygger kompetanse og nettverk for gründerar, seier Landstad i pressemeldinga.


Publisert: 12.05.2016 11:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57