Ulf Andersen 1 mai 2022 1 NAV Statistikksjef foto NAV
TAL: Utanlandsfødde er ein uutnytta arbeidskraftreserve viser tal Ulf Andersen i NAV skal presentere på jobb- og rekrutteringsarrangementet "Give a job" i Ørsta tysdag 24. januar. Foto: NAV
Nytt

1100 utlendingar utan jobb

Nesten ein av tre utanlandsfødde i kommunane Ørsta, Volda, Herøy og Ulstein er ikkje i arbeid.

23.01.2023

Det er statistikksjef Ulf Andersen i NAV som har funne fram tala over utanlandsfødde si deltaking i arbeidslivet.

I morgon mandag 24. januar er Andersen ein av innleiarane på rekrutteringsarrangementet "Giv a job " i Ørsta samfunnshus, der rekruttering av folk med utanlandsk bakgrunn er tema.

48 bedrifter og over 200 potensielle arbeidstakarar møtest. Arrangøren hadde håpa 30 bedrifter ville stille, og tolkar interessa som eit teikn på at det framleis er stor etterspørsel etter arbeidskraft på Nordvestlandet.

Les programmet her

Arbeidskraftreserve
Arrangementet er eit samarbeid mellom NAV og kommunane Ørsta, Volda, Herøy og Ulstein.

Andersen presenterer tal for dei fire kommunale medarrangørane i si innleiing. Då vil han mellom anna fortelje at statistikk per 2021 viser at 1100 personar som er fødde i utlandet, er i alderen 20-66 år og bur i ein av dei fire kommunane ikkje har arbeid. Det utgjer nesten 30 prosent av denne gruppa.

Dette er ein arbeidskraftreserve med mange som vil og kan jobbe, seier Andersen.

Hinder
Samstundes slit utanlandsfødde meir enn gjennomsnittet med å få innpass i arbeidslivet. Andersen peikar på fleire forklaringar; dårlege norskkunnskapar, problem med å dokumentere utdanning/kompetanse, låg utdanning (for ein del av gruppa), ulike skikkar for deltaking i arbeidslivet.

Andersen peikar på at vi framleis har ekstremt lav arbeidsløyse i Noreg. Hans råd er mellom anna at arbeidslivet generelt må vere innstilt på å ta litt av opplæringskostnadane sjølve for å rekruttere frå gruppa av utanlandsfødde.

Då møbelsalet fekk ein boom under koronapandemien tilsette Ekorneskonsernet mange med utanlandsbakgrunn, og tilbaud norskopplæring på kjøpet. Opplæring i jobben var allereie innarbeidd som ein del av rekrutteringsarbeidet til Ekornes frå før.

Publisert: 23.01.2023 05:00

Sist oppdatert: 23.01.2023 05:12

Mer om