13 3 milliardar fordufta paa eitt aar
OPPLAG: Rem Offshore-skipa Rem Provider og Rem Star ligg i opplag på Moltustranda. Rem Offshore er det offshoreselskapet som siste året har klart seg best på Oslo Børs, men selskapet har få aksjonærar og aksjen er lite omsett. Bakerst ligg seismikkskipet Neptune Naiad også i opplag.
Nytt

13,3 milliardar fordufta på eitt år

Verdien av dei åtte børsnoterte offshoreselskapa på Oslo Børs har svekka seg med 13,3 milliardar kroner på eitt år. Sidan nyttår er kursfallet på 4,8 milliardar kroner.

07.04.2015
Dette er status for åtte av dei største børsnoterte norsk-kontrollerte offshoreselskapa før børsen opnar etter påske.
Verst har kursfallet vore for Kristian Siem-kontrollerte Siem Offshore. Selskapet var for eitt år sidan verd 3.483 millionar kroner, ved nyttår var verdien 1.564 millionar, medan siste handledag før påske var verdien nede på 724 millionar kroner.
I prosent er kursfallet på 80 % på eitt år og 54 % sidan nyttår. Aksjekursen har stupt frå 9,00 kroner til 1,90 kroner på eitt år.

71 % verdireduksjon

Men situasjonen er ikkje mykje betre for Havila Shipping og Farstad Shipping. Begge selskapa har svekka seg med 71 % på eitt år. Sidan påske er kursfallet på 48 % for Havila Shipping og 33 % for Farstad Shipping.
For eitt år sidan var Farstad Shipping verd 4,5 milliardar kroner. I dag er selskapet prisa til 1,3 milliardar kroner, eit fall på 3,2 milliardar. Aksjekursen har samstundes stupt frå 117 kroner til 33,90 kroner. Ved nyttår var aksjekursen 50,75 kroner.
Havila Shipping vert no prisa til rekordlave 301 millionar kroner, ikkje meir enn prisen på ein liten PSV. Aksjekursen ligg på 10 kroner aksjen, for eitt år sidan var kursen 34 koner aksjen, og verdien over ein milliard. Sidan nyttår har kursen nesten halvert seg.

Store fall

DOF har svekka seg med 70 % på eitt år, og med 45 % sidan nyttår. Verdien på DOF er no på 921 millionar kroner, ned frå knappe tre milliardar for eitt år sidan.
Solstad Shipping har no ein verdi på 1,8 milliardar kroner. Ved nyttår var verdien over tre milliardar og for eitt år sidan vart selskapet prisa til 4,1 milliardar kroner. Solstad Shipping har svekka seg med 55 % på eitt år.
Deep Sea Supply har på sin side fått redusert verdien frå rundt 2,5 milliardar kroner til under milliarden på eitt år. Kursfallet er på 63 %.

Rem Offshore best

Eidesvik Offshore er av dei selskapa som har klart seg best gjennom børsstormen. Kursfallet på eitt år er likevel på 51 %, og fallet sidan nyttår 33 %. Selskapet vert no prisa til 491 millionar kroner, ned frå knappe milliarden for eitt år sidan.
Aller best er det likevel Åge Remøy-kontrollerte Rem Offshore som har klart seg. Kursfallet på "berre" 30 %, men Rem Offshore har berre 72 aksjonærar og aksjen er dermed også lite omsett på børsen.
Total aksjeverdi på dei åtte børsnoterte offshoreselskapa er no på 7,4 milliardar kroner. Ved nyttår var verdien 11,9 milliardar kroner og for eitt år sidan 20,7 milliardar.

Mange utan arbeid

Ifølgje er det no heile 40 PSV-ar utan arbeid fordelt på 29 i Norge og 11 i Aberdeen.
Det er i tillegg 20 ankerhandterar utan arbeid, fordelt på 12 i Norge og åtte i Aberdeen.
Det Oslo Børs-noterte offshoreselskapet Emas Offshore sleppte 7. april kvartalstal for første kvartal 2015. Selskapet melder om .

Publisert: 07.04.2015 08:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:43