Jan christian vestre foto nærings og fiskeridepartementet 11
INDUSTRISATSING: Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) la fram ny pakke som er del av regjeringa sitt industriløft. Foto: Nærings- og fiskeridepartementet
Nytt

15 milliardar kroner til grøn omstilling

Meir pengar inn i regjeringa sitt industriløft. Sjå pressekonferansen.

28.09.2023

(NPK-NTB-Snorre Schjønberg): Regjeringa set av til saman 15 milliardar kroner i budsjetta for 2023 og 2024 til grøn omstilling.

– Vi aukar no innsatsen med 15 milliardar kroner for å avlaste risiko og bidra til utvikling av banebrytande teknologi som Noreg og verda treng. Dette er aktiv næringspolitikk i praksis. No kan dei beste prosjekta innan grøne verdikjeder konkurrere om midlar som vil utløyse mange gonger så mykje privat kapital. Heile landet blir invitert med, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Det dreier seg om nye midlar i statsbudsjettet for 2024 og nysaldering for 2023.

Pengane blir gitt som ein kombinasjon av eigenkapital, garantiar, lån og tilskot. Pakken er del av det grøne industriløftet frå regjeringa.

Utvida Eksfin-ordning
Regjeringa foreslår mellom anna å auke ramma for Eksfins mest brukte garantiordning med 10 milliardar og auke ramma for lavrisikolån frå Innovasjon Noreg med 1 milliard.

– Gjennom at vi stiller opp med meir statlege lån og garantiar til dei beste prosjekta vil vi bidra til raskare teknologiutvikling og til at fleire private investeringar skjer i Noreg. Vi veit av erfaring at slike verkemiddel er svært effektive, seier Vestre.

– Må både skape og dele
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), Vestre og landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) la fram dei nye grøne vegkarta til regjeringa torsdag.

– Vi må både skape og dele. I Noreg har vi eit næringsliv i verdsklasse. Det er viktig når vi no skal gjennom den største omstillinga i historia. Vi aukar no tempoet i arbeidet med grønt industriløft, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Sjå pressekonferanse her (ekstern lenke)

Grøne skogar
– Vi vil styrkje samarbeidet med dei næraste handelspartnarane våre og gi ny kraft bak tiltak som skal løyse klimautfordringane. Krigen i Ukraina, eit endra tryggingspolitisk klima og aukande etterspurnad etter grøn energi er viktig bakteppe for at vi no oppdaterer og forsterkar vegkartet for grønt industriløft, seier statsministeren.

Pollestad peikar på at skog- og trenæringa og annan bioøkonomi har potensial for stor verdiskaping og utvikling av arbeidsplassar.

– Det å erstatte fossilt karbon med bioressursar er ein viktig del av den grøne omstillinga. Dette gir store moglegheiter både for primærnæringane og industri basert på bruk av biomasse, seier Pollestad.

Publisert: 28.09.2023 09:51

Sist oppdatert: 28.09.2023 09:55

Mer om