Njål Sævik Svein Rune Smådal Runar Smådal Foto havila 11
JUBILEUM: Leiatrioen Njål Sævik, Svein Rune Smådal og Runar Smådal med Havila-flagget som har vore i bruk i 25 år i 2023. Foto: Havila
Nytt

25 år under Havila-flagg

Det er bygd meir enn 30 skip med Herøy-namnet. Undervegs har det vore opp- og nedturar.

Marius Rosbach
30.01.2023

I år er det 25 år sidan Havila-namnet var sjøsett og i offshore-delen av Sævik-konsernet har ein på den tida mellom anna teke ut rundt 30 nybygg og hatt tusenvis av tilsette, ifølgje ei pressemelding frå selskapet.

Første gongen Havila-namnet vart registrert i Brønnøysundregistra var hausten 1997. Det var Havila Holding.

Fleire oppkjøp
Ved årrsskiftet 1997/98 vart Havila Supply starta, og i januar 98 var dei første nybygga kontraherte; ved Simek i Flekkefjord og hos Kleven i Ulsteinvik.

Offshore-selskapa blei starta på «skuldrane» av Sævik Supply som i 1997 blei selt til amerikanske Trico. Sævik-familien har vore i fiskeri og maritim næring tilbake til 1950-talet.

Etter nokre år vart Havila Supply kjøpt av franske Groupe Bourbon, og igjen var det berre få månader før eit nytt reiarlag vart registrert; Havila Shipping ASA.

Toppsjef har gått gradene
Dagens Havila Shipping-direktør, Njål Sævik, har vore med sidan starten og før det. Han følgde gutedraumen om å bli skipper og starta som fiskar før han tok nautisk utdanning og gjekk gradene i offshore

Det er ei erfaring leiargruppe som styrer skuta. Svein Rune Smådal vart med på teknisk avdeling og er no CTO i Havila Shipping. Og etter nokre få år kom dagens COO, Runar Smådal, med i drifta.

I dag har Havila-konsernet verksemd innan eigedom, reiseliv, transport og skipsteknologi.

Publisert: 30.01.2023 10:39

Sist oppdatert: 30.01.2023 10:49

Mer om