Richard Grov Foto Marius Rosbach 11
ROS: Richard Grov rosar regjeringa sine økonomiske støtteordningar, så reiselivet kom seg trygt gjennom pandemiåra. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Hotella fortel om «eit hyggeleg år»

Det er berre vêret som har vore unormalt dårleg i år, meiner Hotel Alexandra-direktøren. Sjå resultata for hotella på Nordvestlandet.

Kjell Arne Steinsvik
26.09.2022

Stor resultatoversikt under saka

Dei to siste åra har begge hotella i Hotel Alexandra-konsernet - Hotel Alexandra og Hotel Loenfjord - levert gode overskot, trass turbulente pandemi-tider i heile bransjen.

– Vi er no i ein normalsituasjon. Mønsteret vi har hatt i år er veldig likt det vi var van med før pandemien, seier Hotel Alexandra-sjef Richard Grov til NETT NO.

Konsernet omfattar også gondobanen Loen Skylift og restauranten på toppen, i aktivtetsselskapet Loen Active. I 2020 hadde konsernet 247 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 35 millionar.

Årsaka til det positive resultatet forklarar Richard Grov med dyktige arbeidarar og lokalt eigarskap.

– Vi har eitt lag: A-laget. Har ein eit solid lag i botnen, kan det medføre økonomiske utfordringar når pilane peikar nedover, men bonusen kjem når pilane peikar oppover. Dette var største faktoren for at vi kunne levere det vi leverte i 2020 og 2021.

Støtte
Til liks med alle andre i turistbransjen, var Grov svært usikker på korleis det skulle gå då inntektene stoppa og dei løpande utgiftene heldt fram i starten av pandemien. Takka vere ulike støtteordningar, fekk dei pusterom til å halde bedrifta gåande og planlegge for gjenopning.

– Det har vore ei veldig god støtte frå offentlege myndigheiter. Det var ei trygg hand som har leia oss, så vi såg berre moglegheiter.

Kald sommar
No når ein restriksjonsfri sommarsesong er på hell, kan Grov oppsummere at det meste er tilbake til normalen.

Det er berre vêret som har vore unormalt dårleg i år. Ein sommar prega av mykje nedbør og grått vêr førte til ei forskyving i sesongen.

– Dette merka vi særleg dei første to vekene i juli. Då kom turisttrafikken aldri heilt i gong. I siste halvdel av juli vart det meir normalt, og så fekk vi ein uvanleg god august månad – og så langt ein god september med framleis mange utlendingar.

Loen skylift gondolbane 2022 foto marius 11
TIL TOPPS: Gondolbana i Loen er ein del av Hotel Alexandra-konsernet. Bana opna i 2017 og er ein av årsaken til inntektsveksten til konsernet. Foto: Ogne Øyehaug

Attraksjonar
At turistane strøymer til Loen og omeign, meiner Grov kan forklarast med synergiar frå fleire attraksjonar.

– Mange store, fine båtar har kome på besøk til Hellesylt, Nordfjordeid, Olden og Lobukta. Alle desse fire plassane leverer på land med tilbod som er verd å besøke. Briksdalen, Loen skylift og Lodalen gir ei formidabel verdiskaping frå cruisebåtane. Då skaper ein verdiar ein har mykje att for.

– Loen skylift har veldig gode besøkstal. Det er ikkje lenge att før vi kan seie det er vår beste sesong sidan opninga.

Konferansar og julebord
Så langt ser det altså ut til å verte eit godt år for Hotell Alexandra og Loenfjord. Hausten har fullt belegg med kurs, konferanser og møter, og på tampen kjem den første fullverdige julebordsesongen sidan 2019.

I fjor låg det også an til ein god julebordsesong, men den vart brått avlyst då den nye omikron-varianten gjorde sin debut.

– Det var ein formidabel bestillingssituasjon, men ei uerfaren regjering stengde ned landet. Eg meiner det var ein overila reaksjon på ein usikker situasjon. Dermed fekk vi ikkje den julebordsesongen og romjula vi ville fått utan tiltaka, seier Grov.

Kompetanseflukt
Lenger nordaust, hos hos Hotel Union Geiranger, kan dei sjå tilbake på ein brukbar turistsesong.

Men dei var nøydde å bruke uvanleg mykje ressursar på å byggje opp ein forholdsvis ny arbeidsstab etter pandemien.

Vi kan stenge hotellet som del av nasjonal koronadugnad
OPPBYGGING: Monja er direktør og fjerde generasjons vertskaper på Hotel Union Geiranger. Dei har brukt mykje tid i år på å byggje opp att staben etter pandemien. Samstundes har dei bygd eit stort leilegheitshus. Foto: Ogne Øyehaug.

Direktør og fjerde generasjons vertskap, Monja Mjelva, seier til NETT NO at pandemitiltaka dei siste to åra førte til kompetanseflukt i heile turistnæringa.

– I starten av pandemien sa regjeringa rett ut at dei i reiselivet burde finne seg andre jobbar, for det kom til å verte lockdown i lang tid. Med det raserte dei heile kompetansen. Det kjem til å ta lang tid før vi har bygd det opp att, seier Mjelva.

Tilsette hundre
I år har difor store delar av våren og sommaren gått med til administrasjon og opplæring. Særleg krevjande var det i april, mai og juni, før det stabiliserte seg på slutten av sommaren.

– Gjennom pandemien er dette året vi har jobba hardast. Vi har tilsett over hundre tilsette, og så hadde vi femti frå før gjennom vinteren. Det seier litt om korleis vi har hatt det, seier Mjelva.

Ho legg til at innsatsen gav resultat, og dei landa til slutt på begge beina.

– Bak kullissane har det vore steintøft, men vi har no fått eit kjempeflott team som har levert eit godt produkt. Dei fortener honnør.

To millionar til Geiranger
REISEMÅL: Geiranger er eitt av landets mest kjende reisemål.

Leilegheiter
Resultatsmessig enda 2021 med -3,4 millionar kroner før skatt. Mjelva trur heller ikkje 2022 vil gje det heilt store resultatet.

Stor resultatoversikt under saka

Ein medverkande faktor til dette er at selskapet har investert tungt i infrastruktur både i fjor og i år. No er dei i sluttfasen av å føre opp eit fire etasjers bygg med 24 leilegheiter for tilsette og familiar.

– Det er ei investering i kompetansen vår. Det har vore ein mangel på bustader i bygda, så dette var viktig. Dette gjer at dei som har flytta inn er nøgde. Nokre som hadde planar om å reise, vert i staden verande, for det vart så bra.

Gunther Dahler Geiranger Hotel foto Ogne
REGN: Vêret la ein liten dempar på årets sommarsesong, meiner Gunther Dahler. Foto: Ogne Øyehaug

Årsaka til at Ivar Aasen og Raftevold heng litt «bak skjema» er at besøkande på dagstur med bil i regionen ikkje har dukka opp i like stor grad som tidlegare.

– Ein del av roma er kvar dag sett av til dagsgjestar. I første del av juni måtte vi snu oss om og i staden få tak i fleire gruppereisande og bussar. Det vert litt lågare pris, men vi måtte fylle med anna påliteleg aktivitet i «vegroma» ein periode. Alt i alt skal vi seie oss godt nøgde med sesongen når det gjeld gjestedøgn og omsetnad, seier Dahler.

Regna vekk
Dahler har diskutert med kollegaer kva grunnen kan vere til at færre drop-in-gjestar har besøkt Nordvestlandet sommar, og konkludert med følgjande:

– Eg likar sjeldan å skulde på vêret, men når vi ser kva sommar det har vore, må vi ta det med i betraktninga når ikkje så mange vil kome til regionen. Det har ikkje vore snakk om nokre dagar med regn, men veke på veke i langtidsvarselet.

At vêret speler inn, er noko dei merkar spesielt i Geiranger.

– Når det er godt vêr, yrar det med liv i Geiranger. På utandørsrestauranten i sentrum ser ein at det er tre-fire gongar høgare omsetnad på solrike dagar enn når det er dårleg vêr.

Føreseieleg
Dahler fortel at det uansett er godt å få drive normalt og føreseieleg att etter to turbulente år.

– I år var ikkje sommarsesongen planlagt før i slutten av februar, medan han normalt er ferdig planlagt hausten før. Når vi ser kva som ligg i systemet for 2023, er vi vel over 2019 på same tidspunkt før pandemien. Det er hyggjeleg at det byrjar stabilisere seg, seier Dahler.

– 2022 vert eit hyggjeleg år, og alle solemerker ser bra ut for 2023 med det som er booka, legg han til.

Stor resultatoversikt under saka

Hotell på Nordvestlandet
Tall i mill. kroner
HotellSelskapDriftsinntekterResultat før skatt
2021202020212020
Hotel AlexandraHotel Alexandra as145,2119,115,17,1
Scandic Parken HotelHotelldrift Ålesund as98,055,124,33,4
Hotel Union GeirangerHotel Union Geiranger as72,757,2-3,4-0,3
Quality Hotel WaterfrontHotel Ålesund as63,756,19,810,5
Hotel BrosundetHotel Brosundet Bryggen as50,137,05,10,5
Quality Hotel ÅlesundSbg7 Drift as40,139,65,05,0
KnutholmenKnutholmen as32,825,54,93,0
Quality Hotel UlsteinHotel Ulstein as32,425,9-0,5-1,9
Grand Hotel BellevueGrand Drifts as30,323,84,72,3
Storfjord HotelStorfjord Hotel as28,522,5-3,8-4,9
Hotell Molde FjordstuerMolde Fjordstuer as27,523,90,6-0,7
Havila Geiranger HotelGeiranger Hotelldrift as23,017,9-3,1-3,7
Gloppen HotellGloppen Hotell as22,621,2-2,3-1,7
Nordfjord TuristhotellNordfjord Hotell Drift as20,519,82,12,1
Hotel 1904Hotel 1904 as17,915,8-1,2-2,6
Hotell Ivar AasenHotell Ivar Aasen as15,714,8-0,3-0,5
Hotel LoenfjordHotel Loenfjord as15,612,22,51,7
Thon Hotel BaronenSpjelkavik Hotelldrift as15,611,80,8-0,3
Stryn HotelStryn Hotel as1511,23,62,3
Brattvåg FjordhotellBrattvåg Fjordhotell as14,89,80,4-1,0
Hotel Union ØyeHotel Union as1415,8-3,5-2,6
Vestnes FjordhotellVestnes Fjordhotell as13,710,31,90,8
Stranda HotelStranda Hotel as13,614,3-3-1,2
Thon Hotel MåløyMåløy Hotelldrift as13,212,11,10,9
Furebuda LogdeStad Hotell as13,19,0-1,9-5,8
Hotel NoregHotel Noreg as12,313,5-1,5-1,4
Hotel NoregHotel Noreg as12,313,5-1,5-1,4
Svelgen HotellBremanger Fjord Hotell as11,711,81,12,8
Hotel AakHotel Aak as11,08,00,80,3
Valldall FjordhotellValldal Fjordhotel Drift as10,69,0-0,6-0,6
Sagafjord HotelSagafjord Drift as10,67,7-1,2-2,7
Grande Fjord HotelGrande Fjord Hotel og Hytter as9,27,4-0,7-2,1
Blåtind HotelBlåtind Hotel as8,25,80,10,1
Hjelle HotelHjelle Hotel as7,06,20,60,8
Visnes HotelVisnes Hotel Stryn as6,64,60,40,2
Olden FjordhotelOlden Fjordhotell as6,34,40,040,04
Hotell Utsikten GeirangerVilla Utsikten as5,15,70,20,1
Sunde Fjord HotelSunde Fjord Hotel as5,04,40,5-0,7
Innvik FjordhotellInnvik Fjordhotell Misjonshotell as4,74,1-0,5-0,2
Aursnes HotellAursnes Hotell as4,03,21,4-0,2
Hotel GeistHotel Geist as3,32,60,1-0,1
Midsund GjestestoveMidsund Gjestestove as3,22,6-0,6-0,7
Sentrum HotellSentrum Hotell as1,61,3-0,020,003
Melshorn HotelMelshorn Hotel as1,22,2-0,7-0,3
Villa NordangdalFivelstad Eiendom as0,0020,02-0,3-0,3
Havila Raftevold HotelRaftevold Hotel as4,4-6,5
Volda TuristhotellVolda Turisthotell as5,40,1
SUM838,302690,4241,42-7,457
Thon Hotel FosnavågAvd i Rainbow Hotels as
Thon Hotel ÅlesundAvd i Thon Hotels as
First Hotel AtlanticAvd i Tribe Hotel Management as
Juvet LandskapshotellKnut Slinning ENK
Scandic SeiletAvd i Scandic Hotels
Quality Hotel AlexandraAvd i Scandic Hotels
Thon Hotel MoldefjordAvd i Thon Hotels as

Publisert: 26.09.2022 05:00

Sist oppdatert: 26.09.2022 00:11

Mer om