Per Sævik Bent Martini foto Kjetil
FEKK TRØBBEL: Då Havila Kystruten skulle finansiere sine fire skip, gjekk selskapet til to dotterselskap av eit statseigd russisk finansieringsselskap. Så kom krigen i Ukraina og sanksjonane mot Russland. Styreleiar Per Sævik og administrerande direktør Bent Martini fekk eit tøft møte med politisk risiko. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Finta ut av fare ingen frykta

Få dagar etter at Russland invaderte Ukraina, var det klart at krigen kunne gi Havila Kystruten alvorlege vanskar.

25.12.2022

Politisk risiko i omfattande forstand hadde vore eit fjernt omgrep i over 30 år. Med krigen i Ukraina er det tilbake for fullt.

Dei fire skipa til Havila Kystruten var finansierte gjennom to dotterselskap av det statlege russiske finansieringsselskapet GTLK, eit selskap som hadde spesialisert seg på å finansiere transportmiddel som fly og båtar verda over.

Denne artikkelen har tidlegare blitt publisert i NETT NO-magasinet, og er open også for ikkje-abonnentar. Les heile magasinet her.

I starten av april blei også GTLK omfatta av sanksjonane mot Russland. Dermed måtte Havila Capella leggast til kai. For å kunne setje neste skip som skulle leverast frå Tersan-verftet i Tyrkia i trafikk, fekk Havila ei mellombels finansiering gjennom verftet, medan det blei arbeidd på spreng for å finne ny finansiering for alle fire skipa.

Bedriftene har blitt veldig opptatt av risiko.
Kommunikasjonssjef Åsmund Weltzien på NUPI (Norsk Utenrikspolitisk Institutt)

Først i starten av september var refinansieringa på plass og Havila Kystruten på veg ut av dei akutte problema den opphavelege russiske finansieringa skapte. I desember fekk reiarlaget ein rettskjennelse om at løysinga var innanfor regelverket.

Berre det å ha Havila Capella liggande ved kai frå 12. april til reiarlaget fekk fridd skipet frå sanksjonane 28. juni, gjorde at reiarlaget gjekk glipp av 80 millionar kroner i inntekter.

Ukrainian refugees offered meals clothes shelter in Kraków 1 foto Wiklimedia Commons Silar
KRIG I EUROPA: Flyktningar frå Ukraina får mat og klede ved flyktningmottak i Krakow i Polen i mars 2022. Foto: Wikimedia Commons/Silar

Brutal vekkjar
Pandemi og krig har vore ein brutal vekkjar for næringslivet. Nett no er størst merksemd knytt til Russland, men oppvakninga er generell.

- Bedriftene har blitt veldig opptatt av risiko, seier kommunikasjonssjef Åsmund Weltzien på NUPI (Norsk Utenrikspolitisk Institutt).

Inntil nyleg var den utbreidde oppfatninga at internasjonal politikk og forretningsverksemd var to ulike ting. Politikarane dreiv med sitt, forretningsfolka med sitt.

Slik er det ikkje lenger, og trua på at internasjonal handel skal hindre konfliktar har fått eit skot for baugen, ifølgje Weltzien. Tvert i mot kan handel vere eit maktmiddel.

Weltzien brukar omgrepet «våpenifisering av handelen» for å forklare kva som skjer. Handel blei tradisjonelt rekna som eit gode som bind nasjonar saman, men handel kan også vendast mot handelspartnarane i ein konflikt.

Russland har redusert gasseksporten til Europa i samband med krigen mot Ukraina, og Vesten har svart med økonomiske sanksjonar og mellom anna brukt makta si i det internasjonale finansvesenet for å råke russisk økonomi.

30 prosent av inntektene forsvann
PE Bjørdal i Ørsta har fiskeri- og sjømatindustri som stor kunde og hadde lukkast med å vinne innpass i den russiske marknaden. I slutten av 2021 såg det bra ut.

- Vi signerte bra med ordrar både i 2020 og 2021, seier sals- og marknadsdirektør Oddbjørn Følsvik.

Mot slutten av 2021 var oppfatninga at pandemien og problema den skapte var i ferd med å sleppe taket. Så kom invasjonen i Ukraina.

- Det var eit stort sjokk, humanitært. Over natta var nær 30 prosent av omsetninga for 2022 vekk og ein ny realitet for 2022-23 var eit faktum, seier Følsvik.

På jakt etter andre marknader
Selskapet sine produkt og avtalar er ikkje direkte berørt av sanksjonane mot Russland, men forretningane med Russland er likevel avslutta.

Grunnen er mellom anna at det er uråd å få behandla søknader om eksportlisens frå Utanriksdepartementet. Det er eit paradoks med tanke på kor stor eksporten framleis er, meiner Følsvik. Aktiviteten ved kontoret i St. Petersburg, som blei opna i 2018, er sett på hald.

- Vi har brukt mykje energi på å etablere oss der borte. Russland var ein stor marknad, seier Følsvik.

No er både Bjørdal og andre på jakt etter ein marknad som kan erstatte den russiske.

Heldigvis for Bjørdal hadde selskapet fått betalt undervegs frå sine russiske kundar. Det som er gått tapt er inntekter selskapet budsjetterte inn i 2022 og 2023. Krigen får difor konsekvensar i fleire år for selskapet.

- Det er fleire fabrikkar vi går glipp av inntekter frå, seier Følsvik.

I desember måtte selskapet erkjenne at tapte Russland-oppdrag gjer at selskapet må seie opp folk - akkurat som Optimar gjorde tidlegare i haust.

Inge Bertil Straume foto Ogne Øyehaug
TRUDDE IKKJE PÅ DET SOM VART SAGT: Med ei vestleg referanseramme som utgangspunkt, trudde ikkje Inge Bertil Straume i skipsdesignselskapet Skipsteknisk at Russland skulle finne på å gå til krig. Foto: Ogne Øyehaug

Trudde ikkje på retorikken
Som leiar for fiskebåtmarknaden i skipsdesignselskapet Skipsteknisk i Ålesund, har Inge Bertil Straume vore over 50 gangar i Russland og kjenner landet godt.

Han meiner lærdomen av krigen i Ukraina blant anna er at det andre tenkande statsoverhovud seier, må takast på alvor.

Draumen om å gjenreise russisk makt og utvide imperiet er noko det har vore snakka om i Russland lenge.

– Vi har høyrt den retorikken i ulike fora i fleire år, seier Straume.

Men med ei vestleg referanseramme som utgangspunkt trudde ikkje Straume og Skipsteknisk at Russland skulle finne på å gå til krig.

Som Bjørdal har heller ikkje Skipsteknisk tapt på arbeid som alt er gjort for russiske kundar. Fiskebåtreiarane som har vore kontraktsmotpartar har gjort opp for seg undervegs.

Men det skulle bli mykje fleire oppdrag framover. Inntektene på framtidige oppdrag for russiske kundar kan selskapet skyte ei kvit pil etter.

Publisert: 25.12.2022 05:00

Sist oppdatert: 27.12.2022 00:31

Mer om