250 000 personar i vindkraftkamp
MOTSTAND: Vindmøller i Eigersund kommune i Rogaland. 
Nytt

250.000 personar i vindkraftkamp

Staig fleire melder seg på i kampen mot vindmøller. 57 nei-grupper etablert.

17.12.2019
NPK-NTB: Talet på personar som engasjerer seg i motstand mot landsfaste vindmøller, har stige med 60 prosent sidan i sommar og nærmar seg 250.000 menneske.
Talet på vindkraftmotstandarar aukar kraftig i Noreg og minner no om bompengeprotesten for eitt år sidan, skriv Klassekampen.

57 grupper

Nesten 250.000 personar har meldt seg inn i ulike organisasjonar eller meldt tilslutning til opprop på sosiale medium for å bremse eller stanse utbygginga av landbasert vindkraft.
I 57 ulike grupper med meir enn 400 medlemmer har talet på følgjarar og medlemmer gått frå 80.000 til 119.000 sidan i sommar.
– Det er først det siste året at folk har sett følgjene av dei omfattande utbyggingane. Dei bryt med det som er ei allmenn oppfatning av kva fornybar energi skal vere, seier talsperson Marino Jan Ask for dei 4.000 medlemmene i La naturen leve.

Motvind Norge

La naturen leve samarbeider med den nystarta landsomfattande organisasjonen Motvind Norge om Facebook-gruppa Nei til vindindustri i norsk natur. Ho har 88.000 medlemmer.
Motvind Norge har fått 7.000 betalande medlemmer på rekordtid og blir følgd av 16.000 menneske på Facebook.
– Vindindustrien har ikkje lenger monopol på sanninga. Både i argument og medlemstal får vi ei kraft som kan stanse vidare utbygging, seier styreleiar Eivind Salen.
Vindindustrien har ikkje lenger monopol på sanninga

Publisert: 17.12.2019 09:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48