Regjeringa har opna for at kommunane kan innføre ei avgift på cruiseturismen på inntil 100 kroner per passasjer.
For Ålesund sin del vil ei avgift på 100 kroner fra kvar av dei nær 600.000 passasjerene som kom til byen i 2025, utgjere heile 60 millionar kroner.
I 2026 er det venta ein auke i besøket – til rundt 800.000. Det vil i tilfelle utgjere ei potensiell inntekt på rundt 80 millioner kroner for Ålesund kommune.
Meiner 25 kroner bør vere maks
Hamnefogd Ole Christian Fiskaa åtvarar mot at Ålesund skal innføre maksimal avgift. Mellom 10 og 25 kroner er passe, meiner han.
Han vil også ha rabatt til skip som er her ofte og med heilt eller delvis unntak for skip som brukar landstraum.
Det kjem fram i tilrådinga frå hamnefogden til styret i Ålesundregionens havnevesen, som møtes mandag 27. april. Der er mellom anna ein uttale i høyringa om cruiseavgifta tema.
For høgt
Hamnefogden skriv at ei avgift vil påverke etterspørselen etter å besøke Ålesund og konkurranseevna til Ålesund hamn. Han argumentere for at ei maksimal avgift på 100 kroner per passasjer, er alt for høgt.
«Det foreslåtte nivået i departementets høringsnotat, 100,- pr. passasjer, virker uforholdsmessig høyt, når det ligger nær opp mot de eksisterende havnevederlagene som cruiseskipene betaler når de besøker Ålesund. I 2025 utgjorde havnevederlagene ca. 110,- pr. passasjer omregnet. Havnevederlagene dekker kostnadene for alle tjenester ved anløpet, både drift, leveranser og kaivederlag. Det kan virke uforholdsmessig med en så høy avgift, med tanke på hva cruiseavgiften er ment å dekke», heiter det i tilrådinga.

Kan legge om seglingaruter
Hamnefogden si vurdering er at cruisereiarlaga - til skilnad frå hotella - på kort sikt ikkje vil kunne velte kostnadane med ei kommunal avgift over på kundane. Konsekvensen kan bli at nokre unngår å besøke Ålesund.
«En turistskatt er normalt et tillegg på regningen som turistene betaler når de f.eks har besøkt et hotell. En slik skatt påvirker derfor ikke overnattingsstedets økonomi», skriver Fiskaa.
Han påpeker at det i møte med cruisereiarlaga er kome fram at det ikkje er mogleg å innføre avgifta på kort varsel:
«Reisene er solgt til fast pris. Det betyr at for 2027 og 2028, så vil avgiften ramme rederiene økonomisk. Dette vil kunne føre til rederiene gjør tilpasninger ved endring av seilingsrute, noe som i så fall vil føre til reduserte inntekter for havna og lokalt næringsliv».
Cruisetrafikken betalar
Inntektene frå cruiseanløp utgjer over 66 prosent av dei årlege inntektene til Ålesundregionens Havnevesen. I 2025 var inntektene til Ålesundregionens Havnevesen 142 millionar kroner.
Inntektene blir mellom anna brukt til den store utbygginga av Flatholmen i Ellingsøyfjorden, som mellom anna har teke over som containerhamn etter Skutvika.
Hamnevesenet arbeider med å utvide Flatholmen-anlegget med nye utfyllingar både lenger ut i og langs fjorden, og vil ha ny tunnel gjennom Aksla.
Publisert: 24.04.2026 13:05
Sist oppdatert: 24.04.2026 13:07






