(NPK): Etter ein nedgang i talet på dødsfall i fritidsbåtulykker i 2018, peikar pilene på nytt feil veg. Til saman blei det registrert 28 omkomne i fritidsbåtulykker i fjor. No vil Sjøfartsdirektoratet spissa det førebyggjande arbeidet.
Sjølv om fjoråret byrja bra med eit rekordlågt ulykkestal i første halvår, førte fleire alvorlege ulykker i juli og august til at utviklinga tok feil retning. Dødstala enda til slutt på 28 omkomne, som er fire fleire enn i 2018. Det betyr ifølgje Sjøfartsdirektoratet at ein nærmar seg snittala for fritidsbåtulykker dei siste 19 åra som er 32 omkomne.
Direktoratet synest det er trist at ulykkestala på nytt peikar oppover og har eit sterkt ønske om å snu utviklinga.
– Sjøfartsdirektoratet har ein nullvisjon om at ingen skal mista livet ved bruk av fritidsbåt. Vi vil derfor, i samarbeid med andre, intensivera det førebyggjande arbeidet for å prøva og påverka utviklinga, seier seksjonssjef for fritidsfartøy i Sjøfartsdirektoratet, Petter Andre Søreng i ei pressemelding.
Sjøfartsdirektoratet er klar på at fleire av dødsfalla kunne vore unngått om fleire av dei omkomne hadde brukt flytevest trass i at det sidan 2015 har vore påbode med flyteutstyr for båtar under åtte meter i fart, mangla likevel halvparten av dei omkomne flytevest.
– Vi ser at folk generelt har blitt flinkare til å bruka flyteutstyr, men ulykkestala viser likevel at for mange vel bort dette enkle og gode tryggingstiltaket. Bruk av flyteutstyr kunne utvilsamt ha hindra fleire av dødsfalla i 2019, seier Søreng.
Han legg til at det også er viktig at alle passar på å ha utstyr som gjer at dei kan varsla dersom dei opplever ei ulykke.
Tala viser elles at åtte av dei 28 omkomne var påverka av rus og hadde promille.
I tillegg har Nærings- og fiskeridepartementet gitt Sjøfartsdirektoratet fleire oppdrag for året som kjem.
– Vi skal mellom anna sjå nærmare på om utleige av båt er registrert slik at tryggleiken for leigetakar er nok teken vare på, og vurdera auka krav til kompetanse på dei raskaste fritidsbåtane, seier Søreng.
Framover ønskjer Sjøfartsdirektoratet også å utvida arbeidet sitt med statistikk.
– I dag fører vi berre statistikk over ulykker med omkomne. For å få eit betre grunnlag, ønskjer vi å utvida dette arbeidet til også å gjelda andre ulykker. Dette vil gje oss betre kunnskap og høve til å spissa det førebyggjande arbeidet, seier han.
(©NPK)
Sjølv om fjoråret byrja bra med eit rekordlågt ulykkestal i første halvår, førte fleire alvorlege ulykker i juli og august til at utviklinga tok feil retning. Dødstala enda til slutt på 28 omkomne, som er fire fleire enn i 2018. Det betyr ifølgje Sjøfartsdirektoratet at ein nærmar seg snittala for fritidsbåtulykker dei siste 19 åra som er 32 omkomne.
Direktoratet synest det er trist at ulykkestala på nytt peikar oppover og har eit sterkt ønske om å snu utviklinga.
– Sjøfartsdirektoratet har ein nullvisjon om at ingen skal mista livet ved bruk av fritidsbåt. Vi vil derfor, i samarbeid med andre, intensivera det førebyggjande arbeidet for å prøva og påverka utviklinga, seier seksjonssjef for fritidsfartøy i Sjøfartsdirektoratet, Petter Andre Søreng i ei pressemelding.
Flest menn
Bortsett frå ein person, var alle dei 28 omkomne i fjor menn. Dei var i snitt 51 år, men den yngste som mista livet var berre 20 år. Korleis ulykkene har skjedd varierer, men dei alle fleste ulykkene inneber at den omkomne på ein eller annan måta hamna i vatnet.Sjøfartsdirektoratet er klar på at fleire av dødsfalla kunne vore unngått om fleire av dei omkomne hadde brukt flytevest trass i at det sidan 2015 har vore påbode med flyteutstyr for båtar under åtte meter i fart, mangla likevel halvparten av dei omkomne flytevest.
– Vi ser at folk generelt har blitt flinkare til å bruka flyteutstyr, men ulykkestala viser likevel at for mange vel bort dette enkle og gode tryggingstiltaket. Bruk av flyteutstyr kunne utvilsamt ha hindra fleire av dødsfalla i 2019, seier Søreng.
Han legg til at det også er viktig at alle passar på å ha utstyr som gjer at dei kan varsla dersom dei opplever ei ulykke.
Tala viser elles at åtte av dei 28 omkomne var påverka av rus og hadde promille.
Handlingsplan
For å få ned talet på fritidsbåtulykker, blei det i fjor vedteke ein nasjonal handlingsplan. Planen inneheld 64 større og mindre tiltak fordelt på ni innsatsområde.I tillegg har Nærings- og fiskeridepartementet gitt Sjøfartsdirektoratet fleire oppdrag for året som kjem.
– Vi skal mellom anna sjå nærmare på om utleige av båt er registrert slik at tryggleiken for leigetakar er nok teken vare på, og vurdera auka krav til kompetanse på dei raskaste fritidsbåtane, seier Søreng.
Framover ønskjer Sjøfartsdirektoratet også å utvida arbeidet sitt med statistikk.
– I dag fører vi berre statistikk over ulykker med omkomne. For å få eit betre grunnlag, ønskjer vi å utvida dette arbeidet til også å gjelda andre ulykker. Dette vil gje oss betre kunnskap og høve til å spissa det førebyggjande arbeidet, seier han.
(©NPK)
Sjøfartsdirektoratet har ein nullvisjon om at ingen skal mista livet ved bruk av fritidsbåt. Vi vil derfor, i samarbeid med andre, intensivera det førebyggjande arbeidet for å prøva og påverka utviklinga
Publisert: 09.01.2020 11:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49






