30 prosent kjappare med ny teknologi
ENKLARE: Ved å flytte teknologi frå lakseslakteria om bord i fiskebåtane går arbeidet lettare og kvaliteten blir betre. Sintef Fiskeri- og havbruk jobbar få å autmatisere arbeidet ombprd enda meir. 
Nytt

30 prosent kjappare med ny teknologi

Slakteteknologi frå oppdrettsnæringa gjer at mannskapet på fiskebåtane får unna 30 prosent meir fisk i timen.

13.01.2015
Ved å ta i bruk elektrobedøving som blir brukt i lakseslakteria får mannskapet om bord på fabrikk- og frysetrålarane ein roleg fisk å arbeide med. Fisken blir bedøvd på transportbandet, før den blir bløgga og sløyd. Effekten er raskere bløgging og dermed muligheten for bedre utblødning, og at mannskapet kan få unna opptil 30 prosent meir fisk i timen, i følgje Hanne Digre i Sintef Fiskeri og havbruk.
Elektrobedøving er berre ein av fleire teknologiar som Sintef jobbar med å få overført frå oppdrettsnæringa til fiskebåtar, og Digre skal presentere status for arbeid på den årlege Fishtech-konferansen Ålesund denne veka.

Samarbeid med Stranda-selskap

Sintef samarbeider mellom anna med Stranda-selskapet Seaside om å få maskineriet for automatisk bløgging inn i fiskebåtane, og arbeider også med å utvikle utstyr som kan sortere fisk etter art, storleik og kvalitet.
Arbeidet er ein del av eit større arbeid for å få meir automatisering av sjømatindustrien, både ombord og på landanlegga. Målet er å sikre at det framleis blir drive foredling av fisk i Noreg.

Svak lønsemd

- Lønsemda på land er dårleg. Det gjeld også for laks (lakseforedling, red. merk). Eitt tiltak er å erstatte folk med maskiner, seier Digre.
Sintef publiserte ifjor ein omfattande rapport om teknologiutvikling for å skape ein lønsam sjømatindustri.
Les rapporten her:

Teknologisamling

Fishtech 2015 er den tredje konferansen på rad.
Les meir om fjorårets konferanse under Relaterte saker.
Konferansen blir arrangert i Ålesund og arrangøren er Sintef Fiskeri og Havbruk saman med Fiskeri- og Havbruksnæringens Forskningsfond, som gjennom konferansen satsar på å bygge opp ein møteplass for utveksling av teknologikunnskap i fiskeria.
Blant tema i år er også fiskeflåtens rolle i ressursforvaltinga.

Publisert: 13.01.2015 10:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40