Området skal stå ferdig i 2015, og er det største samanhengande næringsarealet som nokon gong er lagt ut i sentrumsområdet i Eid.
Dette opplyser Eid kommune i ei pressemelding.
- Eid kommune har sett mål om sterk vekst i handels- og næringsverksemd i åra framover. Då er tilrettelegginga av slike store, nye næringsareal i sentrum heilt avgjerande. Vi veit allereie at etterspurnaden etter slike areal er stor, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.
Arealet ligg ved Rv15/E39 3-400 meter aust for Nordfjordeid sentrum, og vil vere tilgjengeleg for industri, plasskrevjande service- og handelsverksemd og engroshandel.
- Det er allereie interessentar til 10-15 mål av det nær 40 mål nye næringsområdet, sjølv før opparbeidinga av området har starta.
- Vi ønskjer å kome raskt i gang med vidare sal av tomter og klargjering av området, som vil bli av dei mest attraktive i heile regionen, seier dagleg leiar i Eid Industrihus KF, Svein Otto Melheim i pressemeldinga.
Eid Industrihus KF er heileigd av Eid kommune, med føremål å syte for tilrettelegging og sal av næringsareal og industribygg ut frå vedtekne kommunale planar.
Dette opplyser Eid kommune i ei pressemelding.
- Eid kommune har sett mål om sterk vekst i handels- og næringsverksemd i åra framover. Då er tilrettelegginga av slike store, nye næringsareal i sentrum heilt avgjerande. Vi veit allereie at etterspurnaden etter slike areal er stor, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.
Ferdig sommaren 2015
Det nye næringsområdet er prosjektert av Nordplan AS og vil vere ferdig opparbeidd med veg, vatn og straum sommaren 2015.Arealet ligg ved Rv15/E39 3-400 meter aust for Nordfjordeid sentrum, og vil vere tilgjengeleg for industri, plasskrevjande service- og handelsverksemd og engroshandel.
- Det er allereie interessentar til 10-15 mål av det nær 40 mål nye næringsområdet, sjølv før opparbeidinga av området har starta.
- Vi ønskjer å kome raskt i gang med vidare sal av tomter og klargjering av området, som vil bli av dei mest attraktive i heile regionen, seier dagleg leiar i Eid Industrihus KF, Svein Otto Melheim i pressemeldinga.
Eid Industrihus KF er heileigd av Eid kommune, med føremål å syte for tilrettelegging og sal av næringsareal og industribygg ut frå vedtekne kommunale planar.
Vi veit allereie at etterspurnaden etter slike areal er stor
Publisert: 03.07.2014 14:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:34