40 maal nytt naeringsareal i Eid sentrum
START: Eid-ordførar Alfred Bjørlo og Svein Otta Melheim, dagleg leiar i Eid Industrihus KF, ved markeringa av byggjestarten for det nye industriområdet.
Nytt

40 mål nytt næringsareal i Eid sentrum

Eid Industrihus KF har teikna kontrakt med Norsand AS om utbygging av eit 40 mål stort nytt næringsareal på Myklebust og Stokkenes rett aust for Nordfjordeid sentrum.

03.07.2014
Området skal stå ferdig i 2015, og er det største samanhengande næringsarealet som nokon gong er lagt ut i sentrumsområdet i Eid.
Dette opplyser Eid kommune i ei pressemelding.
- Eid kommune har sett mål om sterk vekst i handels- og næringsverksemd i åra framover. Då er tilrettelegginga av slike store, nye næringsareal i sentrum heilt avgjerande. Vi veit allereie at etterspurnaden etter slike areal er stor, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Ferdig sommaren 2015

Det nye næringsområdet er prosjektert av Nordplan AS og vil vere ferdig opparbeidd med veg, vatn og straum sommaren 2015.
Arealet ligg ved Rv15/E39 3-400 meter aust for Nordfjordeid sentrum, og vil vere tilgjengeleg for industri, plasskrevjande service- og handelsverksemd og engroshandel.
- Det er allereie interessentar til 10-15 mål av det nær 40 mål nye næringsområdet, sjølv før opparbeidinga av området har starta.
- Vi ønskjer å kome raskt i gang med vidare sal av tomter og klargjering av området, som vil bli av dei mest attraktive i heile regionen, seier dagleg leiar i Eid Industrihus KF, Svein Otto Melheim i pressemeldinga.
Eid Industrihus KF er heileigd av Eid kommune, med føremål å syte for tilrettelegging og sal av næringsareal og industribygg ut frå vedtekne kommunale planar.
Vi veit allereie at etterspurnaden etter slike areal er stor

Publisert: 03.07.2014 14:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:34