Frank Naalsund Foto Ogne
MÅTTE GI OPP: Frank Naalsund eigde selskapet Ålesund Ølutsalg som nyleg melde oppbod. Det vart vanskeleg å halde fram butikkdrifta med 50 prosent auke i husleiga. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Eksplosiv konkursauke i nordvest

Fleire etablerte bedrifter går over ende. Auka husleige bidrog til kroken på døra for fleire på Moa-senteret.

Marius Rosbach
01.03.2023

Tala på konkursopningar på Nordvestlandet viser ei kraftig auke dei første to månadene av 2023.

Samanlikna med i fjor, vart det opna 73 prosent fleire konkursar i januar og februar månad i Møre og Romsdal og Nordfjord.

I reine tal var det 48 konkursopningar dei to første månadene av 2023. På same tid i fjor hadde tingrettane berre opna konkurs i 28 selskap i regionen.

Kraftig auka i husleiga velta lasset
Ålesund Ølutsalg som har dreve butikk på Amfi Moa-senteret, vart det siste selskapet som ga opp drifta i februar. Selskapet melde oppbod til Møre og Romsdal tingrett med knappe 1,1 millionar kroner i gjeld, ifølgje rettspapira.

Fem tilsette står utan jobb etter konkursen ved butikken.

Frank Naalsund eigde selskapet som har hatt franchise-avtale for Gulating-kjeda, som nyleg fekk nye eigarar etter at dei gjekk konkurs mot slutten av fjoråret.

Naalsund har fortald til Sunnmørsposten at auka husleiga på kring 50 prosent, var medverkande til at det vart vanskeleg å drive.

Eigaren av Tasty Corner som nyleg gjekk konkurs ved kjøpesenteret, forklarte også at auka husleige forverra situasjonen før oppbodet.

Kunstig låge tal under pandemien
Auken i konkurstala ved starten av året var venta, ettersom 2022 var prega av «koronaamnestiet» styresmaktene innførte i samband med pandemien.

Det gjorde at tala både i fjor og spesielt i 2021 var kunstig låge.

Etter at krav om manglande betaling av skatt, eller moms, igjen vart følgt opp frå skattestyresmaktene, har det ført til fleire konkursar.

Fleire og meir etablerte selskap råka
Allereie i fjor vart det tydeleg at det er fleire etablerte selskap mellom dei som blir slått konkurs. Trenden held fram i år.

Entreprenørselskapet La-Nordhaug i Molde med 20 tilsette hadde vore i bransjen sidan midten av 1980-talet, då dei melde oppbod i midten av februar.

Bruaset Bygg i Vestnes som har vore i drift sidan 2010, var eit anna selskap som har meldt oppbod ved starten av året.

Den mest omfattande verksemda som har gått konkurs så langt i år, er Geiranger Bakeri-selskapa.

Til saman sju selskap melde oppbod og kring 35 tilsette stod utan jobb. Det er meldt inn krav i desse konkursane på drygt 11,1 millionar kroner.

Auke også sidan siste normalår

46 av konkursopningane i januar og februar på Nordvestlandet i år, kom i Møre og Romsdal.

I 2020, som var siste normalår før pandemien, var det til samanlikning registrert 37 konkursopningar i fylket dei to første månadene av året.

I Nordfjord-kommunane Gloppen, Stad, Stryn og Kinn (tidlegare Vågsøy) vart det registrert to konkursopningar i årets to første månader. Det gjaldt eit restaurantselskap som starta opp i 2022, og eit enkeltpersonføretak.

I 2022 vart det berre registrert ein konkurs i Nordfjord-kommunane i januar og februar.

Publisert: 01.03.2023 16:09

Sist oppdatert: 01.03.2023 16:09

Mer om