460 millionar kroner i nedskrivingar
STILLE: Olympic-båtar i Hellesylt i påvente av oppdrag sist vinter. Den svake marknaden gjer at reiarlaget har tatt store nedskrivingar.
Nytt

460 millionar kroner i nedskrivingar

Olympic Ship gjer nye nedskrivingar i tredje kvartal.

29.11.2016
Med 460 millionar i nedskrivingar i tredje kvartal er dei samla nedskrivingane i Olympic oppe i 860 millioner kroner hittil i år.

Nedskrivingane er hovudårsaka til at selskapet fekk eit underskot på 593 millionar kroner i tredje kvartal i år.

Fleire skip i opplag

Samanlikna med tredje kvartal i fjor hadde Olympic Ship fire færre skip i arbeid.
Enda færre skip blir i arbeid no i fjerde kvaratal:
"Selskapet vil i fjerde kvartal legge fleire skip i midlertidig opplag på grunn av forventningar om fortsatt lav etterspørsel på kort og mellomlang sikt", skriv reiarlaget i kvartasrapporten.

Forhandlar

Kvartalsrapporten blir lagt fram midt i den som kan vere innspurten i forhandlingane om ei refinansiering av selskapet.
Olympic Ship har ein avtale med bankane om utsette betaling av avdrag medan forhandlingane om ei refinansiering pågår. Avtalen er forlenga fleire gonga, seinast i dag. Den nye fristen er til og med morgondagen, onsdag 30. november.

Publisert: 29.11.2016 18:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04