50 prosent vekst sidan korona
Hotel Union Geiranger har auka inntektene utan å auke talet på gjestar.
Hotellet har snudd om på kundegruppa si, frå å vere eit hotell som baserte seg på store bussgrupper til å vere eit hotell med individuelle reisande som den største gruppa.
Gjestane brukar hotellet som eit resorthotell og legg att meir pengar, fortalde ekteparet og hotelldrivarane Monja og Sindre Mjelva då dei presenterte status for hotelldrifta på Adviso-seminaret «Sunnmøre på vinnarsporet igjen» onsdag.
Større enn før pandemien
Fordelinga bussturistar/individuelle reisande var omlag 70/30. No er det omvendt.
I fjor hadde det familieigde hotellet 131 millionar kroner i driftsinntekt, opp frå 86 millionar i 2019 - det siste året før koronpandemien kom.
Talet på heiltidstilsette har auka frå 24 til 60 i same periode.
Tvinga til å legge om
Det var pandemien som utløyste omlegginga. Då stoppa alle gruppeturar og hotellet stengte. Då hotellet kunne opne igjen var det individuelle reisande som var alternativ. Det ekteparet hadde tenkt å gjennomføre gradvis måtte gjerast i ei fart.
- Vi fekk strategien vår rett i fleisen, og så måtte vi gjere omstillinga vår i løpet av to månadar, sa Monja Mjelva på dagens arrangement.
Magefølelse og innspel
Tema for seminaret er basert på magefølelsen og tilbakemeldingar frå kundar og nettverk til Ingvild Vartdal, Ole Reinhart Notø og deira kolleger i advokatselskapet Adviso.
For dei fleste bedriftene på Sunnmøre er det positiv tider, med nokre unntak, og trass skatteauke og renteauke, ifølgje Notø og Vartdal.
Publisert: 22.05.2024 11:11
Sist oppdatert: 22.05.2024 16:52