Fredag er det klar for første runde i den årlege Næringsteft-konkurransen til Sparebanken Møre. På førehand var dei spente på korleis påmeldinga ville bli.
I år det er meldt på 64 deltakarar, som er ein del færre enn tidlegare. Prosjektleiar Linda Rafteseth Grimstad i banken trur likevel at dei har samla det sterkaste «heatet» nokon gong.
– Det har skjedd mykje i løpet av det siste året. Mange bedrifter har kome godt på veg, og sitt ikkje berre og held på med idear. Fleire har jobba fort og har på kort tid fått opp bra bedrifter, og til og med henta kapital, fortel ho til NETT NO.
Fredag er det mogleg å følgje med via direktestrømming når deltakarane skal levere ein forretningsplan og framføre ein fire minuttar lang presentasjon av ideen. Av dei 64 skal juryen velje ut 15 som går vidare til semifinalen i mars.
(ekstern lenke)
– Ein trend er nok at det er mange som jobbar med teknologi og reiseliv, fortel prosjektleiaren.
Konkurransen og «kompetansereisa», som banken omtalar arrangementet, starta allereie i november. Samlingar, workshop-ar og frukostmøte har skjedd digitalt.
Alle semifinalistane får med seg 50 000 kroner, inkubatorplass hos Vindel, Protomore eller Ålesund Kunnskapspark (ÅKP), i tillegg til mentorhjelp frå banken sine samarbeidspartnarar.
Samla ligg det over to millionar kroner i potten. Tre finalistar går vidare frå semifinalen 11. mars, og 17. mars er det duka for sjølve finalen.
I år det er meldt på 64 deltakarar, som er ein del færre enn tidlegare. Prosjektleiar Linda Rafteseth Grimstad i banken trur likevel at dei har samla det sterkaste «heatet» nokon gong.
– Det har skjedd mykje i løpet av det siste året. Mange bedrifter har kome godt på veg, og sitt ikkje berre og held på med idear. Fleire har jobba fort og har på kort tid fått opp bra bedrifter, og til og med henta kapital, fortel ho til NETT NO.
Fredag er det mogleg å følgje med via direktestrømming når deltakarane skal levere ein forretningsplan og framføre ein fire minuttar lang presentasjon av ideen. Av dei 64 skal juryen velje ut 15 som går vidare til semifinalen i mars.
(ekstern lenke)
Mange innan teknologi og reiseliv
Grimstad fortel at det også i år er stor bredde mellom deltakarane, frå tenester innan mat, produkt og tenester til akvakultur og virtuelle møteplassar inspirert av spelteknologi.– Ein trend er nok at det er mange som jobbar med teknologi og reiseliv, fortel prosjektleiaren.
Konkurransen og «kompetansereisa», som banken omtalar arrangementet, starta allereie i november. Samlingar, workshop-ar og frukostmøte har skjedd digitalt.
Fleire får oppfølging
2019/2020-versjonen av Næringsteft vart utvida ved at fleire av deltakarane fekk vere med på meir av opplæringa og oppfølginga av deltakarane undervegs fram mot finalen. Slik blir det også i år, men denne gangen berre på nettet.Alle semifinalistane får med seg 50 000 kroner, inkubatorplass hos Vindel, Protomore eller Ålesund Kunnskapspark (ÅKP), i tillegg til mentorhjelp frå banken sine samarbeidspartnarar.
Samla ligg det over to millionar kroner i potten. Tre finalistar går vidare frå semifinalen 11. mars, og 17. mars er det duka for sjølve finalen.
Les også:
Fleire har jobba fort og har på kort tid fått opp bra bedrifter, og til og med henta kapital
Publisert: 29.01.2021 08:39
Sist oppdatert: 11.03.2021 10:12