(NPK): Eit forskingsprosjekt ved Sintef Fiskeri og havbruk arbeider for tida med å kartleggja fysisk og psykisk helse blant fiskarane i landet.
Dei har gjort ei spørjeundersøking blant 832 aktive norske fiskarar, og her oppgir nær 99 prosent at dei trivst på jobben «ofte» eller «alltid», skriv .
Forskar Signe Sønvinsen ved Sintef Fiskeri og havbruk står bak undersøkinga, og ho har tidlegare gjort personlege intervju med mellom 150 og 200 fiskarar, som støttar funna frå undersøkinga.
– At kameratskap betyr så mykje for trivselen stadfestar kor utruleg viktig miljøet på jobben er for om ein trivst i arbeidslivet, seier Sønvinsen.
I Noreg i dag er det rundt 9.400 aktive fiskarar. Mannsdelen er 97,5 prosent.
Dei har gjort ei spørjeundersøking blant 832 aktive norske fiskarar, og her oppgir nær 99 prosent at dei trivst på jobben «ofte» eller «alltid», skriv .
Forskar Signe Sønvinsen ved Sintef Fiskeri og havbruk står bak undersøkinga, og ho har tidlegare gjort personlege intervju med mellom 150 og 200 fiskarar, som støttar funna frå undersøkinga.
Kameratskap
Kva er det som gjer at dei trivst så godt? Kameratskapen på båten, og det at dei har eit sjølvstendig yrke.– At kameratskap betyr så mykje for trivselen stadfestar kor utruleg viktig miljøet på jobben er for om ein trivst i arbeidslivet, seier Sønvinsen.
I Noreg i dag er det rundt 9.400 aktive fiskarar. Mannsdelen er 97,5 prosent.
Publisert: 23.06.2015 11:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44