Island Drilling fryktar opplag til 2019
UTAN ARBEID: Etter å ha bora 12 brønnar for Lundin Petroleum fekk ikkje Island Innovator forlenga kontrakten. No ligg riggen i i opplag.
Nytt

Island Drilling fryktar opplag til 2019

Island Drilling fryktar riggen "Island Innovator" blir liggande i opplag til andre halvår 2019. Selskapet stoggar betaling av renter og avdrag, og leiger inn hjelp i forhandlingane med bankar og andre långivarar.

24.04.2016
Etter nedskrivingar av riggverdien på 370 millionar dollar og eit nesten like stort underskot i 2015 (sjå tabell), oppfyller ikkje selskapet lånevilkåra, og må forhandle med kreditorane for å få til ei løysing, skriv selskapet i den førebelse årsrapporten for 2015.
Det er Clarkson Platou som skal hjelpe Island Drilling i forhandlingane med långivarane.

Administerande direktør Roger Simmenes i Island Drilling at det er er krevande forhandlingar, men ein "positiv tone", og at han er overtydd om at det skal bli ei løysing.

Ikkje fornya kontrakt

Selskapet, som er notert på finansmeklarane si liste over unoterte aksjer, eig riggen "Island Innovator", som inntil nyleg var utleigd på eit langvarig oppdrag for det svenske oljeselskapet Lundin Petroleum.
Så lenge riggen var utleigd til Lundin var Island Drilling verna mot fallet i riggmarknaden som kom etter at Lundin-kontrakta var underteikna. Men då kontraktstida var omme, valde Lundin i staden ein rigg frå konkurrenten Ocean Rig til boreprogrammet sinn i 2016.

Dermed hamna Island Drilling i same klemma som mange andre riggselskap, og måtte legge riggen i opplag.

Eigenkapitalen tapt

Eigenkapitalen i selskapet er tapt, men selskapet har framleis likvide midlar. Selskapet skriv i årsrapporten at det har tillit til at det vil bli oppnådd semje om ei berekraftig løysing for selskapet.
Rigganalytiker Lukas Daul i ABG Sundal Collier, , at han ikkje forstår kvifor långivarane skal gir ei livbøye til riggselskap med så høg gjeld og ingen inntekter.
"Det er et godt spørsmål, særlig ettersom selskapet kun har én rigg. Det er begrenset med systemverdier, så det er kanskje mer nærliggende å lure på om bankene vil være med", seier Daul.


Publisert: 24.04.2016 22:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:56