Blæst står i dag for omlag 10 prosent av driftsinntektene til Aalesund Protective Wear, men det er her Aakre meiner vekstpotensialet er størst. Aakre er eigar og dagleg leiar i selskapet.
Grunnen er mellom anna sjansen for å vinne innpass i utlandet.
Der Aalesund Protective Wear sine andre varemerke - Aalesund Oljeklede, Strakofa og Regatta - er retta inn mot hard bruk i arbeids- og friluftsliv skal Blæst-plagga halde regn og vind ute når du er på veg til kontoret, spaserer i byen eller går i butikken.
No er kolleksjonen utvida med plagg også for menn, og dei fargerika plagga som har slått spesielt godt an i utlandet blir skilt ut som eit eige varemerke, Æ Rainwear.
- Vi splittar Blæst i to, seier Aakre.
Æ Rainwear-kolleksjonen har ein eksportandel på omlag 45 prosent.
Med kjøpet av Blæst og Regatta, i tillegg til vekst for Strakofa og Aalesund Oljeklede-produkta har Aalesund Protective Wear meir enn dobla driftsinntektene på tre år, frå 73 millionar kroner i 2015 til 160 millionar kroner i 2018.
Strakofa og Aalesund Oljeklede sto for over 60 prosent av driftsinntektene i fjor, Regatta i overkant av 20 prosent.
Aakre vil vekse vidare, om enn ikkje same takt.
- Vi skal vekse på alle felt, men vi skal vekse kontrollert, seier han.
Plagga blir produsert hos i alt 11 produsentar, omlag likeleg fordelt mellom Asia og Europa. Kortare leveringstid frå fabrikkar i Europa kombinerte med stigande kostnadar i Asia har gjort at ein aukande del av plagga blir produserte i Europa.
Grunnen er mellom anna sjansen for å vinne innpass i utlandet.
Der Aalesund Protective Wear sine andre varemerke - Aalesund Oljeklede, Strakofa og Regatta - er retta inn mot hard bruk i arbeids- og friluftsliv skal Blæst-plagga halde regn og vind ute når du er på veg til kontoret, spaserer i byen eller går i butikken.
Deler i to
Blæst var opphavleg eit varemerke berre retta mot kvinner.No er kolleksjonen utvida med plagg også for menn, og dei fargerika plagga som har slått spesielt godt an i utlandet blir skilt ut som eit eige varemerke, Æ Rainwear.
- Vi splittar Blæst i to, seier Aakre.
Æ Rainwear-kolleksjonen har ein eksportandel på omlag 45 prosent.
Kjøpte Regatta
I 2017 kjøpte Aalesund Protective Wear Regatta, som lagar redningsvestar, flytevestar og flyteplagg retta mot både den profesjonelle marknaden og fritidsmarknaden.Med kjøpet av Blæst og Regatta, i tillegg til vekst for Strakofa og Aalesund Oljeklede-produkta har Aalesund Protective Wear meir enn dobla driftsinntektene på tre år, frå 73 millionar kroner i 2015 til 160 millionar kroner i 2018.
Strakofa og Aalesund Oljeklede sto for over 60 prosent av driftsinntektene i fjor, Regatta i overkant av 20 prosent.
Aakre vil vekse vidare, om enn ikkje same takt.
- Vi skal vekse på alle felt, men vi skal vekse kontrollert, seier han.
30 tilsette
I dag har Aalesund Oljeklede 30 tilsette, med hovudkontor og anlegg i Vatne.Plagga blir produsert hos i alt 11 produsentar, omlag likeleg fordelt mellom Asia og Europa. Kortare leveringstid frå fabrikkar i Europa kombinerte med stigande kostnadar i Asia har gjort at ein aukande del av plagga blir produserte i Europa.
Vi skal vekse på alle felt, men vi skal vekse kontrollert
Publisert: 27.08.2019 12:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38