Aksje comeback for Ekornes
NÆR NY TOPP: I løpet av dei siste 12 månadane har aksjeskursen i Ekornes stige over 35 prosent. Neste veke kjem nye tal frå møbelkonsernet.
Nytt

Aksje-comeback for Ekornes

Ekornes-aksjen er nær sitt høgaste nivå på fem år.

10.02.2017
I formiddag blei det handla Ekornes-aksjar for 117 kroner. Det verdset konsernet til 4,3 milliardar kroner. Den førre topp-noteringa for møbelkonsernet var 118 kroner. Den handelen skjedde 10. februar for fem år sidan.
Etter toppen i februar 2012 gjekk det bratt nedover og i løpet av eit halvt var kursen falle til under 80 kroner aksjen. Etterpå svinga kursen mellom i overkant av 100 og rundt 80 kroner aksjen, før den frå våren 2014 til midten av oktober fall frå 98 til 70,50 kroner pr. aksje.
Resten av hausten gjekk det bratt oppover, og frå desember 2014 har kursen nesten aldri vore under 90 kroner aksjen.

Steg for steg

Det er truleg ei rekkje hendingar som ligg bak kursoppgangen.
Då Ekornes la fram rekneskapen for tredje kvartal 2014 spratt kursen i veret med nesten 10 prosent, fordi investorane likte at selskapet kunne vise betra lønsemd samanlikna med tilsvarande periode året før.

Tvilen tok over

Forventingane til utviklinga nådde ein topp i starten av mai 2015, då Ekornes-kursen nådde 106,50 kroner pr. aksje. Deretter tok tvilen eit sterkare tak i investorane, mellom anna fordi Ekornes sleit med å få opp salet.

Utan vekst er det berre kostnadskutt som er medisinen for å få opp lønsemda, og det tok truleg tid før investorane vart overtydde om at Ekornes ville klare å gjennomføre kostnadsreduksjonane som vart lova.

Jamn opptur

I starten av juli i fjor var det Ekornes-aksjar til under 90 kroner å få kjøpt på børsen. Etterpå har det vore ein jamn opptur og frå august i fjor har kursen aldri vore under 100 kroner aksjen.

110-kronesgrensa vart passert 18. januar i år.
7.februar vart aksjen handla for 115,50 kroner.
I dag var det seljarar som ba om 118 kroner aksjen, men måtte nøye seg med 117.

Nye tal

Ekornes legg fram resultatet for 2016 torsdag i komande veke.

Ved børsslutt i dag var Ekornes-kursen 114,50 kroner pr. aksje.

Publisert: 10.02.2017 15:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06