Anita Lervik polyform foto tony hall
AUKAR PÅ STORE PRODUKT: Dagleg leiar Anita Lervik i samband med markering av 70-årsjubileet til Polyform i august. Månaden etter hadde dei «all time high» for PE-avdelinga som lagar store bøyer - slik ein ser i bakgrunnen. Foto: Tony Hall
Nytt

«All time high» etter utviding av produksjonen

Polyform opplever stor pågang frå både offshore og havbruk for dei største bøyene sine.

Marius Rosbach
03.10.2025

Polyform har hatt eit bra år så langt, og melder at aktiviteten har god fart inn i hausten. 

– Resultatet i september blei svært godt for oss, og viste mellom anna «all time high» for PE-avdelinga vår, fortel marknadssjef Erik Loe Muri til Nett No. 

Det dreiar seg om store fortøyingsbøyar i hardskall som blir laga ved den nye produksjonshallen til bedrifta på Blindheim. 

– Jamt høgt trykk på havbruk
Den nye hallen blei opna i fjor og har gitt Polyform betydeleg auka kapasitet. 

Det gav trua på ei auke til offshoremarknaden – som altså har slått til. Havbruk er også ein viktig marknad for Ålesund-selskapet. 

– Vi ser eit jamt høgt trykk på havbruk. Det kan nok forklarast med at vi har ein betydeleg del av marknaden med ein stabil kundemasse av dei fleste store aktørane i fortøying. Det gjer at våre produkt både går til nyetableringar, nyetableringar, i tillegg til service og vedlikehald i ettermarknaden, seier Muri. 

Polyform rotasjonspresse NN foto Marius 11
AVANSERT PRODUKSJON: Produksjonssjef Morten Tvervåg viste fram Nord-Europa største rotomaskin då Polyform opna sin nye produksjonshall i fjor. Foto: Marius Rosbach

Feira 70-årsjubileum
Polyform la bak seg eit rekordår i fjor. Tidlegare i år markerte dei 70-årsjubileum med storslått feiring for tilsette og dei næraste på Alnes. 

Dei inviterte også til ope dag ved fabrikken for noverande og tidlegare tilsette.

 Dagleg leiar Anita Lervik som overtok sjefsstolen i fjor, fortel at ho er imponert over teamarbeidet i bedrifta. 

– Det har vært store omveltingar hos oss med ny leiinga og endringar i produksjonen. Resultatet viser at vi er ein organisasjon som ikkje lar oss stoppe av utfordringar, men finn vegar som tar oss vidare, seier ho. 

Michael Olsson Engstromgruppen polyform foto marius 11
SVENSKE EIGARAR: Ernströmgruppen, som Michael Olsson er styreleiar for, har vore eigarar av Polyform sidan 2017. Då han besøkte fabrikken i fjor fortalde han at dei gjerne gjorde fleire investeringar på Nordvestlandet. Foto: Marius Rosbach

Treng fleire tilsette
Det heile starta med gründerane Knut Beyer-Olsen og Otto Steffensen, som i 1955 laga verdas første luftfylte garnblåse i plast. 

I dag er Polyform store på produksjon av blåser og fenderar til ulike marknader med kring 80 tilsette i arbeid. 

Veksten i aktiviteten gir behov for fleire tilsette. For augneblinken er Polyform på jakt etter både automatikarar, kundebehandlarar og tilsette til HR- og finans. 

Svenske Ernströmgruppen har vore Polyform sine eigarar sidan 2017. 

Publisert: 03.10.2025 11:43

Sist oppdatert: 03.10.2025 11:43

Mer om