Arild Myrvoll kystruten
NY JOBB: Arild Myrvoll hadde ansvaret for å bygge opp Havila Kystruten, men sa opp i april etter knappe tre år og få månader før dei første skipa skulle settast i trafikk. Foto: Kjetil Haanes.
Nytt

Arild Myrvoll blir finansdirektør i Sølvtrans

Går frå å frakte folk til å frakte fisk.

04.06.2021

- Vi veks, og det er naturleg å ha ein CFO, seier Sølvtranssjef og medeigar Roger Halsebakk.

CFO er forkortinga for chief financial officer, finansdirektør på norsk, og Sølvtrans har tilsett Arild Myrvoll i stillinga, stadfestar Halsebakk. Sølvtrans har vore utan ein person med finansdirektørtittelen dei tre siste åra.

Sa opp i Havila Kystruten
- Eg fekk eit anna godt tilbod i eit anna kjempespennande selskap. Det var noko eg etter ei samla vurdering ikkje kunne seie nei til, sa Arild Myrvoll då han sa opp som leiar for Havila Kystruten i april, som etter planen skal ta dei første passasjerane med på tur i sommar.

Då ville han ikkje seie kven som var den nye arbeidsgivaren.

Han byrja i Havila Kystruten i 2018 og kom frå jobben som direktør i offshoreselskapet Rem Maritime.

Myrvoll har oppseiingstid fram til september, men Havila Kystruten har allereie tilsett etterfølgjaren, Bent Martini. Martini gjekk i fjor haust av som driftsdirektør i Hurtigruten etter smitteskandalen der 71 personar om bord i MS Roald Amundsen fekk påvist koronasmitte.

Forseinka
Då retten til å drive den statstøtta passasjer- og godsruta mellom Bergen og Kirkenes frå januar 2021 vart lagt ut som tre anbod, vann Havila Kystruten eitt og Hurtigruten ASA dei to andre.

Havila Kystruten bestilte fire skip som opphavleg skulle vere klare 1. januar i år. Både i ved Barreras-verftet i Spania og Tersan Shipyard i Tyrkia har bygginga tatt lenger tid enn planlagt.

Planen var å bygge to skip på kvart av verfta. Men avtalen med det spanske Barrerasverftet vart avslutta, og ligg an til å få eit rettsleg etterspel. Oppdraget med å bygge dei to skipa der flytta over Tersan Shipyard i Tyrkia, der verftet har hatt vanskar med å halde oppe tempoet på grunn av korona.

Publisert: 04.06.2021 13:19

Sist oppdatert: 04.06.2021 13:39

Mer om