Arild Myrvoll REM
FRÅ OFFSHORE TIL REISELIV: Arild Myrvoll kom frå jobben som direktør i Rem Maritime i august 2018 for å bygge opp Havila Kystruten. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Sjefen sluttar i Havila Kystruten

– Fekk eit anna godt tilbod i eit anna kjempespennande selskap, fortel Arild Myrvoll og seier opp etter knappe tre år.

19.04.2021

- Eg fekk eit anna godt tilbod i eit anna kjempespennande selskap. Det var noko eg etter ei samla vurdering ikkje kunne seie nei til, seier Arild Myrvoll om kvifor han sluttar i Havila Kystruten, som etter planen skal ta dei første passasjerane med på tur i starten av juli år.

Kven som blir den nye arbeidsgivaren vil Myrvoll førebels ikkje svare på.

Styreleiar Per Sævik skriv i ei pressemelding frå Havila Kystruten at han "rettar ei stor takk til Myrvoll for innsats og samarbeid, og ønskjer han lykke til med nye utfordringar."

Sluttar til hausten
Myrvoll har oppseiingstid fram til september og Havila Kystruten har starta arbeidet med å finne ein ny leiar.

-Eg vil gjere mitt ytterste for å sikre ein god overgang, seier Myrvoll.

Då retten til å drive den statstøtta passasjer- og godsruta mellom Bergen og Kirkenes frå januar 2021 vart lagt ut som tre anbod, vann Havila Kystruten eitt og Hurtigruten ASA dei to andre.

Havila Kystruten bestilte fire skip som opphavleg skulle vere klare 1. januar i år. Både i ved Barreras-verftet i Spania og Tesan Shipyard i Tyrkia har bygginga tatt lenger tid enn planlagt.

Ingen kvileheim
Planen var å bygge to skip på kvart av verfta. Men avtalen med det spanske Barrerasverftet vart avslutta, og ligg an til å få eit rettsleg etterspel. Oppdraget med å bygge dei to skipa der flytta over Tersan Shipyard i Tyrkia, der verftet har hatt vanskar med å halde oppe tempoet på grunn av korona.

- Det har i alle fall ikkje vore ein kvileheim, seier styreleiar Per Sævik om utfordringane Arild Myrvoll har hatt å arbeide med.

No er planen at dei to første skipa blir levert i tide til å settast i trafikk i juli i år, medan dei to andre kjem i 2022.

Publisert: 19.04.2021 13:04

Sist oppdatert: 04.06.2021 13:12

Mer om