Endúr melder om nye kontraktar på til saman 435 millionar kroner.
Det børsnoterte konsernet, som overtok Artec Aqua i Ålesund tidlegare i år, opplyser ikkje konkret kva for oppdraga går ut på, utover at det er innan «akvakulturløysingar» og «marin infrastruktur».
Allereie velfylt ordrebok
Artec Aqua er det største selskapet i konsernet på desse marknadene, men
administrerande direktør Ingegjerd Eidsvik opplyser til NETT NO at ho
ikkje kan kommentere saka utover børsmeldinga tysdag.
– Den nye kontrakten reflekterer både gode marknadsforhold og Endúr sin posisjon som ein føretrekt leverandør i sine industrielle hovudsektorar. Kontrakten blir lagt til konsernets allereie betydelege ordrereserve, heiter det i meldinga.
Les også
Vekst – men nær halvert på børs
Endúr la i slutten av august fram rapporten for 2. kvartal, som viste sterk vekst for havbruksverksemda.
Aksjeverdien har blitt om lag halvert sidan årsskiftet, og tidlegare i haust gjekk toppsjefen av etter at selskapet «snubla i rapporteringa».
Den siste månaden har aksjekursen teke seg noko opp att.
Artec Aqua-eigarar framleis med
Industrikonsernet henta i midten av november inn 170 nye millionar som mellom anna skulle brukast til å betale ned på gjelda.
Då Artec Aqua vart seld vart Artec Aqua-grunnleggarane Bjørnar Flem, Victor Fiveland og Bjørn Finnøy samstundes største aksjonærar i Endúr.
Gjennom sitt felles selskap, Artec Holding var dei også med på kapitalutvidinga.
E12/S2 Arne Nore og Roger Hofseth - historia og framtida til norsk oppdrettsnæring.
Publisert: 01.12.2021 09:39
Sist oppdatert: 01.12.2021 09:52