Endúr-emisjon i boks
Endúr fekk inn 170 millionar kroner i ny eigenkapital.
Ettter at børsen stengte i går ettermiddag gjekk Endúr ut i marknaden for å reise mellom 140 og 170 millionar kroner i ny eigenkapital.
Fasiten blei 170 millionar kroner, fortel selskapet i ei børsmelding i dag.
Pengane skal brukast til å betale ned på gjelda og til generelle formål, fortalde selskapet i går.
Les også
Artec Aqua-grunnleggarane er med
Endúr er eit industriselskap, som mellom anna eig Artec Aqua i Ålesund.
Då Artec Aqua vart seld vart Artec Aqua-grunnleggarane Bjørnar Flem, Victor Fiveland og Bjørn Finnøy samstundes største aksjonærar i Endúr.
Gjennom sitt felles selskap, Artec Holding er dei også med på kapitalutvidinga. Artec Holding er tildelt 71,8 millionar aksjar til kurs 0,75 kroner pr. aksje, som utgjer 54 millionar kroner.
Børsnedtur
21. januar 2021, få dagar etter at Endúr sitt kjøp av Artec Aqua var kunngjort, vart Endúr-aksjen handla til kurs 1,51 kroner per aksje.
Deretter har kursen falle i rykk og napp, fram til 61 øre aksjen 26. oktober i år. Etterpå har kursen stige, og var 0,87 øre aksjen då børsen stengte i går. Den kursen verdset Endúr til 987 millionar kroner.
Publisert: 16.11.2021 07:57
Sist oppdatert: 16.11.2021 08:39