Hogne Halleråker Ole Arne Eiksund Arctic Bioscience foto Ogne
STOR INTERESSE: Forskingsdirektør Hogne Halleråker (t.v) og administrerande direktør Ole Arne Eiksund i Arctic Bioscience. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Arctic Bioscience aukar kapitalutvidinga

Går frå 250 til 300 millionar kroner.

18.02.2021

Interessa frå investorar har fått Arctic Bioscience (tidlegare Arctic Nutrition) i Ørsta til å auke målet for kapitalutvidinga som selskapet er i gang med, frå 250 til 300 millionar kroner i ny eigenkapital.

Det går fram av oppdatert informasjon til moglege investerorar frå meklarselskapet ABG Sundal Collier og DNB Markets.

Fristen for å vere med på kapitalutvidinga er sett til klokka 12.00 i dag, torsdag 18. februar.

Frå helsekost til medisin
Arctic Biosciense er etablert i helsekostmarknaden, men kapitalutviding no blir gjort som ein del av satsinga på å vinne innpass i legemiddelmarknaden.

Selskapet utviklar ein psoriasismedisin basert på silderogn, og kapitalutviding vil finansiere nye og omfattande medisinske testar av produktet. Dette er testar som er naudsynt før produktet kan godkjennast som legemiddel. Psoriasis er ein hudsjukdom og testar så langt har vist at Arctic Biosciense sitt produkt er sterkt symtomdempande.

(saka held fram under)

Vartdal plast jan endre ingvild sindre 11
INVESTORAR: Syskena Jan Endre (t.v.), Ingvild og Sindre Vartdal er med som investorar via Vartdal-konsernet. Foto: Marius Rosbach

Lokale medeigarare
Våren 2019 gjekk fleire investorar på Nordvestlandet inn med 46 millionar kroner gjennom selskapet Pir Invest IV i ei kapitalutviding som verdsette selskapet til 280 millionar kroner.

Tidlegare i år har Kotler Marketing Group gått inn med 19 millionar kroner, ifølgje Finansavisen.

Før kapitalutvidinga er Arctic Bioscience verdsett til 453 millionar kroner.

I samband med kapitalutviding no har allereie Ronja Capital II (20 millionar), Ajea Invest (8 millioner) og Vartdal Holding/Nye Brødrene Vartdal (5,5 millionar kroner) forplikta seg til å vere med på emisjonen. Alle tre er medeigarar frå før.

Publisert: 18.02.2021 09:40

Sist oppdatert: 19.02.2021 16:05

Mer om