- Førebels ligg vi føre 2014, seier dagleg leiar Rogeir Haugen i Oldedalen Skyss.
2014 vart eit rekordår. I år ligg det an til å bli enda betre, trass dårleg ver og kollaps i den russiske marknaden.
Russiske turistar var ei stor, godt betalande og veksande gruppe gruppe heilt fram til 2013, før konflikten med Vesten. I løpet av 2014 vart det full kollaps, og no er russarane nesten borte. Haugen sjølv har reist til Russland seks år på rad for å marknadsføre Briksdalsbreeen, men droppa turen i fjor.
-Vi har jobba med eit Asia-prosjekt, og det har byrja å bere frukter seier Haugen.
Det er spesielt Kina som er en veksande marknad, i følgje Haugen.
Oldedalen Skyss er framleis eigd av bøndene i Oldedalen, og akkurat som i starten gir skysskøyringa eigarane ei ekstra inntekt i turistsesongen. Det er betaling for køyringa som er gevinsten for eigarane, ikkje utbytte av overskotet,
I utgangspunktet er målet å gå over til elektrisk drift, og selskapet er på jakt etter eit el-køyrety som er effektivt nok til trafikken opp og ned til breen.
2014 vart eit rekordår. I år ligg det an til å bli enda betre, trass dårleg ver og kollaps i den russiske marknaden.
Russiske turistar var ei stor, godt betalande og veksande gruppe gruppe heilt fram til 2013, før konflikten med Vesten. I løpet av 2014 vart det full kollaps, og no er russarane nesten borte. Haugen sjølv har reist til Russland seks år på rad for å marknadsføre Briksdalsbreeen, men droppa turen i fjor.
Asia-boom
Heldigvis for Oldedalen Skyss har asiatiske turistar på gruppereise meir enn erstatta russarane som er blitt borte.-Vi har jobba med eit Asia-prosjekt, og det har byrja å bere frukter seier Haugen.
Det er spesielt Kina som er en veksande marknad, i følgje Haugen.
Attåtnæring for eigarane
På 1890-talet starta bøndene i Oldedalen skysslag og skapte seg ei attåtnæring på å frakte turistar med hest og kjerre opp til breen.Oldedalen Skyss er framleis eigd av bøndene i Oldedalen, og akkurat som i starten gir skysskøyringa eigarane ei ekstra inntekt i turistsesongen. Det er betaling for køyringa som er gevinsten for eigarane, ikkje utbytte av overskotet,
El-bil neste
Hesteskyssen blei bytta ut med bilar ( sjå biletet) i 2004, og no står selskapet føre ei større utskifting i bilparken.I utgangspunktet er målet å gå over til elektrisk drift, og selskapet er på jakt etter eit el-køyrety som er effektivt nok til trafikken opp og ned til breen.
Færre skip, fleire turistar
I år legg i underkant av 60 cruise-skip til kai i Olden, 30 færre enn for få år sidan. Likevel har fraktar Olden Skyss fleire cruisereisande enn før, takka vere aukande trafikk av cruise-turistar som kjem over land, frå Geiranger og Hellesylt.Publisert: 24.06.2015 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44