(NPK-NTB-Jan-Morten Bjørnbakk): Fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) ber om råd frå eit ekspertutval på korleis ho kan forenkle og modernisere regelverket for fiskekvotar.
– Det norske kvotesystemet har vore bra. Men no er vi i ferd med å gå oss litt fast. Det er heilt avgjerande at vi har eit kvotesystem som er praktikabelt og gir næringa gode utviklingsmoglegheiter, seier Aspaker til NTB.
– Systemet er stabilt og føreseieleg, men samtidig lite fleksibelt og med avgrensa moglegheiter for individuell tilpassing, heiter det i til ekspertutvalet som blei utnemnt i statsråd fredag.
– På same måte som kraftselskapa får lov å hauste av fossane våre, er det nokon som får hauste av fiskeria. Vi bør ta diskusjonen om også fiskeria bør skattleggjast slik det blir praktisert i kraftsektoren. Vi har ikkje konkludert. Vi legg det i hendene på utvalet, seier fiskeriministeren til NTB.
I Sundvollenerklæringa varsla regjeringa at dei ville gjere om tidsavgrensinga på 25 år på strukturkvotane som dåverande fiskeriminister Helga Pedersen (Ap) innførte i 2007. Men det ligg ingen føringar i mandatet til Eidessen-utvalet om å greie ut evigvarande kvotar.
– Vi startar i ein annan ende. Heile kvotesystemet blir gjennomgått. Så tenkjer eg at varigheita av kvotane er noko som utvalet skal vurdere. Det er opp til veldig kompetente folk i dette utvalet å seie noko om kor lenge kvoterettane skal vare, seier Aspaker. (©NPK)
– Det norske kvotesystemet har vore bra. Men no er vi i ferd med å gå oss litt fast. Det er heilt avgjerande at vi har eit kvotesystem som er praktikabelt og gir næringa gode utviklingsmoglegheiter, seier Aspaker til NTB.
Vide fullmakter
Utvalet får vide fullmakter til å foreslå endringar i kvotesystemet. Dei norske fiskekvotane på rundt 20 fiskeslag blir i dag fordelt mellom ulike fartøygrupper i kyst- og havfiskeflåten.– Systemet er stabilt og føreseieleg, men samtidig lite fleksibelt og med avgrensa moglegheiter for individuell tilpassing, heiter det i til ekspertutvalet som blei utnemnt i statsråd fredag.
Ressursrente
Ekspertutvalet som blir leidd av førstelagmann Arild Eidesen i Hålogaland lagmannsrett skal også vurdere om staten bør ta betaling for fiskerirettane i form av ei ressursrente. Når kvotane hamnar på stadig færre hender, blir også argumenta for å ta tilbake verdiar til samfunnet som betaling for gratis bruk av naturressursar styrkt.– På same måte som kraftselskapa får lov å hauste av fossane våre, er det nokon som får hauste av fiskeria. Vi bør ta diskusjonen om også fiskeria bør skattleggjast slik det blir praktisert i kraftsektoren. Vi har ikkje konkludert. Vi legg det i hendene på utvalet, seier fiskeriministeren til NTB.
Vurderer varigheit
Dei større fiskebåteigarane har i lang tid slått saman kvotar frå fleire fartøy i den såkalla strukturkvoteordninga. Det har vore ein hard og lang strid om dei samanslåtte kvotane skal vere evigvarande eller førast tilbake til fellesskapet etter ei viss tid.I Sundvollenerklæringa varsla regjeringa at dei ville gjere om tidsavgrensinga på 25 år på strukturkvotane som dåverande fiskeriminister Helga Pedersen (Ap) innførte i 2007. Men det ligg ingen føringar i mandatet til Eidessen-utvalet om å greie ut evigvarande kvotar.
– Vi startar i ein annan ende. Heile kvotesystemet blir gjennomgått. Så tenkjer eg at varigheita av kvotane er noko som utvalet skal vurdere. Det er opp til veldig kompetente folk i dette utvalet å seie noko om kor lenge kvoterettane skal vare, seier Aspaker. (©NPK)
Vi bør ta diskusjonen om også fiskeria bør skattleggjast slik det blir praktisert i kraftsektoren
Publisert: 19.06.2015 14:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44