I 2014 kunne Atlantic Seafish ta kvotane som ligg under dotterselskapa Atlantic Longline og Polarbris med ein båt, linebåten "Atlantic".
Reiarlaget selde linebåten "Polarbris" til Island hausten 2013, og kunne bruke "Atlantic" til å fiske opp også "Polarbris"-kvoten.
Det går ikkje i år, i følgje medeigar og styreleiar Kåre Furnes. Slik er regleverket, høvet til å bruke berre ein båt i slik tilfelle er avgrensa til eitt år.
Den planen gjeld framleis, men det er ikkje teke stilling til når og korleis, i følgje Furnes.
Uansett vil ikkje eit nybygg vere klar i løpet av året, så for å få tatt kvoten som var knytt til gamle "Polarbris" kan det bli aktuelt å kjøpe eit brukt farty.
- Vi vurderer forskjellige løysingar, seier Furnes.
- Vi er godt fornøgd, seier Furnes om resultatet.
Arbeidsstokken utgjorde 34 årsverk i 2014, mot 62 året før, då konsernet hadde to båtar i drift.
Reiarlaget selde linebåten "Polarbris" til Island hausten 2013, og kunne bruke "Atlantic" til å fiske opp også "Polarbris"-kvoten.
Det går ikkje i år, i følgje medeigar og styreleiar Kåre Furnes. Slik er regleverket, høvet til å bruke berre ein båt i slik tilfelle er avgrensa til eitt år.
Kan bli kjøp
Då Polarbris vart seld, var planen å bygge nytt.Den planen gjeld framleis, men det er ikkje teke stilling til når og korleis, i følgje Furnes.
Uansett vil ikkje eit nybygg vere klar i løpet av året, så for å få tatt kvoten som var knytt til gamle "Polarbris" kan det bli aktuelt å kjøpe eit brukt farty.
- Vi vurderer forskjellige løysingar, seier Furnes.
God nøgd
Atlantic Seafish-konsernet gjekk ut av 2014 med ein liten nedgang i driftsinntektene, men ein auke i lønsemda (sjå tabell).- Vi er godt fornøgd, seier Furnes om resultatet.
Arbeidsstokken utgjorde 34 årsverk i 2014, mot 62 året før, då konsernet hadde to båtar i drift.
Publisert: 11.06.2015 11:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44