Per Ivar Fagervoll foto Golden Energy Offshore Services 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
STIGANDE INNTEKT GJENNOM SOMMAREN: Golden Energy Offshore Service-sjef og medeigar Per Ivar Fagervoll. Foto: Golden Energy Offshore Services
Nytt

Auka inntekter i betre marknad

Opp 21 prosent gjennom sommaren for Golden Energy Offshore Services.

04.09.2023

I ei oppdatering per utgangen av august skriv offshorereiarlaget Golden Energy Offshore Services i Ålesund at selskapet hadde ei inntekt som tilsvarar i gjennomsnitt 20.317 dollar dollar dagen og at selskapa sine tre fartøy var utleigd 98 prosent av tida.

Augustinntekter er 21 prosent høgare enn i mai i år. Då var tilsvarande gjennomsnittsinntekt 16.780 dollar dagen, og den steig både i juni , juli og august, I januar var tilsvarande inntekt 13.700 dollar dagen, ifølgje oppdateringane frå selskapet, som har kome kvar månad frå mai i år.

Les børsmelding her

Golden Energy Offshore Services har tre plattformforsyningsskip.

Energy Swan er leigd ut på ei langsiktig kontrakt med Repsol Norway, Energy Empress er leigd ut til eit langsvarig oppdrag i Karibia og Energy Duchess blir leigd ut i spotmarknaden. Marknaden held fram med å betre seg i fleire regionar og Energy Duchess er i ein god posisjon til å kunne tene på det, ifølgje børsmeldinga.

I august inngjekk Golden Energy Offshore Services ei avtale om kjøp av fire PSV-er og eitt spesialskip frå datterselskap av Vroon Holding for omlag ein milliard og arbeider no med å avklare finansieringa av kjøpet.

Publisert: 04.09.2023 11:09

Sist oppdatert: 04.09.2023 11:10

Mer om