VOS SUGAR 27886493740
IKKE BANKLÅN: Vos Sugar (biletet) er på veg inn i Golden Energy Offshore Services. Foto: Kees Torn /Wikimedia Commons
Analyser

Nye finansieringkjelder for oljebransjen

Når bankane melder seg ut, kjem andre inn.

03.09.2023
ANALYSE:

I løpet av sommaren har både Golden Energy Offshore og Remøy Shipping funne alternativ til tradisjonell bankfinansiering for å utvide flåten av offshorefartøy.

Sist ute er Golden Energy Offshore, som har ein - førebels ikke bindande - avtale med selskapet Fleetscape Capital Ltd. om finansiering på 98,55 millionar dollar - 1,05 milliardar kroner - for å utvide med fem nye skip og refinansiere heile flåten. Avtalen er sett opp som ei sal og tilbakekjøpsavtale som varer i fem år. Renta er over 11 prosent og vil endre seg med nivået på Secured Overnight Financing Rate (SOFR), som er ei rente på lån bankar i mellom.

Fleetscape Captial Ltd har hovudkontor i London og spring ut av det amerikanske investeringgselskapet Oaktree. Golden Energy Offshore inngjekk partnarskap med Oaktree Maritime & Transportation Fund i fjor – som også er største långivar.

I juni i år kjøpte Remøy Shipping plattformforsyningskipet Rem Crusader for ein ikkje oppgitt sum. Då sa administrerande direktør Karl-Johan Bakken at Remøy Shipping hadde nok eigenkapital til å få finansiert Rem Crusader åleine, slik det var for få år tilbake. Men no gjekk ikkje det, og Remøy Shipping fekk fleire investorar med å på eigarsida for å finansiere kjøpet.

Bakgrunnen for at offshorereiarlaga finn nye finansieringskjelder er mellom anna dei strengare krava til kva bankane skal låne ut pengar til, drive fram av den såkalla taksonomien til EU og bankane si handtering av den.

Kort sagt vil EU medverke til reduserte CO2-utslepp ved å auke innlånskostnadane til bankar som låner ut til verksemd som gir store CO2-utslepp. Oljebransjen er rekna som ein slik bransje.


Målet er at bankane skal vri utlåna sine over til verksemd med mindre CO2-utslepp.

Taksonomiregelverket for finans tok til å gjelde i Noreg frå 1. januar i år.

Konsekvensen av at bankane strammar inn blir mellom anna løysingar som Remøy Shipping valde og Golden Energy Offshore Services arbeider med. Den langvarige krisa offshorereiarane hamna i etter oljeprisfallet i 2014 er i ferd med å sleppe taket, oljeselskapa tener pengar og optimismen er stigande.

Men finansiereringsmarknaden er ikkje som før.

Truleg får vi sjå at fleire reiarlag finn alternativ finansiering, men den kan bli relativt dyrare og vanskelegare å få på plass enn det offshorereiarane var vane med før krisa kom i 2014. Det skjerpar truleg kravet til eigenkapital.

I så fall vil det bremse takten i kjøp av eldre fartøy , ombyggingar og nybygg.

På kort sikt kan det vere ein ulempe for skipsverft og utstyrsindustri som hadde gode tider før 2014, takka vere offshorereiarane. På lengre sikt kan det kanskje vere ein fordel, fordi det tek lengre tid for offshorereiarane å bygge opp kapasitet. Det vil dempe svingingane i marknaden og redusere risikoen for store krakk og langvarige kriser.

I 2014/2015 var mange offshorefartøy på veg ut frå verfta, som medverka til å forsterke krisa. I etterpåklokskapen lys hadde kanskje fleire ønskt at det ikkje hadde vore så lett å få lån den gangen.

Publisert: 03.09.2023 05:00

Sist oppdatert: 03.09.2023 03:22

Mer om