Alberto Maestrini Vard Langsten Foto Marius Rosbach
AUKA LØNSEMD: Vard-sjef Alberto Maestrini under dåpen av det nye kystvaktskipet KV Bjørnøya onsdag 1. november. Oppdraget har sikra verftskonsernet inntekter på meir enn fem milliardar kroner dei siste åra. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Auka lønsemd for offshore og spesialskip

Lønsemda til Vard-verfta aukar som planlagt.

15.11.2023

Vard-eigar Fincantieri har organiserte drifta i det norske verftkonsernet i to forretningsområde.

Det eine omfattar alt frå fiskebåtar, marinefartøy og offshorefartøy til vindkraft- og oljeindustrien, og er samla i forretningsområdet offshore og spesialskip. Forretningsområdet er reindyrka Vard-verksemd. Frå og med 2023 er også skrogverfta i Romania rekna med i forretningsområdet offshore og spesialskip.

I årets ni første månadar fekk dette forretningsområdet eit driftsresultat før av og nedskrivingar (ebitda, red. anm.) på 4,3 prosent av driftsinntektene, mot 2,7 prosent i same periode 2022 (sjå tabell under).

Ventar betre lønnemd framover
Utviklinga i lønsemda er som venta, og Fincantieri ventar ytterlegare auka lønsemd framover, ifølgje delårsrapporten per 3. kvartal 2023.

Ordreboka er også blitt tjukkare, opp frå 541 millionar euro per utgangen av av september 2022 - til 887 millionar euro ved utgangen av september 2023.

Det er spesielt vindkraftmarknaden som har gitt opptur.

Les pressemelding frå Fincantieri her

Fincantieri-konsernet
Pr. 3. kvartal. I mill. Euro20232022
Driftsinntekt53835315
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda)276172
Forretningsområde skipsbygging*
Pr. 3. kvartal. I mill. Euro20232022
Driftsinntekt43544600
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebtida)256288
Forretningsområde offshore og spesialskip*
Pr. 3. kvartal. I mill. Euro20232022
Driftsinntekt710554
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda)3115
* Frå og med 2023 er Vard-verfta i Romania rekna inn i dette forretningsområdet. Utan dei ville driftsinntektene vore 581 millionar euro pr. 3.kvartal

Vard byggjer også cruiseskip. Den delen av verksemsda er ein del av forretningsområdet skipsbygging i Fincantieri og omfattar også militære fartøy. Forretningsområdet skipsbygging omfattar både Vard-verft og Fincantieri-verft.

Også i forretningsområde skipsbygging aukar ordreinngangen, frå 2443 millionar euro til 2752 millionar euro. Auken kjem frå forvarsmarknaden.

Cruise-oppsving
I eit intervju med NETT NO i starten av november sa Vardsjef Alberto Maestrini at selskapet arbeider med ei rekkje cruiseprosjekt og at interessa for nybygg aukar.

– Marknaden er mykje betre, og førespurnadene frå kundane er no på same nivå som før pandemien. Men fordi mange selskap framleis har mykje gjeld, kan det bremse investeringane enno ei periode, sa han.

Han held og fast på at det er sannsynleg at det blir bygd nye offshoreskip for olje- og gassnæringa, sjølv om det har tatt lengre tid enn han hadde venta.

Publisert: 15.11.2023 09:44

Sist oppdatert: 15.11.2023 19:24

Mer om