Alberto Maestrini Vard Langsten Foto Marius Rosbach
TOMREFJORD: Vard-sjef Alberto Maestrini under dåpen av det nye kystvaktskipet KV Bjørnøya onsdag. Oppdraget har sikra verftskonsernet inntekter på meir enn fem milliardar kroner dei siste åra. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vard jobbar med «ei rekke» nye cruiseprosjekt

Toppsjefen er blitt meir usikker på nybygg til oljeservice. Marknaden for vindskip går «litt i rykk og napp».

Marius Rosbach
03.11.2023

Då administrerande direktør Alberto Maestrini deltok på førre dåp av eit nytt kystvaktskip i fjor haust, håpte han Vard ville få nye kontraktar til oljeservice innan eitt år.

Det viste seg å vere for optimistisk, kunne han konstatere under onsdagens dåp av eit nytt kystvaktskip ved Vard Langsten.

Trur det blir behov i oljeservice
Maestrini meiner det vil bli behov for nye skip til den tradisjonelle oljeservicenæringa, men at det tek lengre tid enn venta.

Han er usikker i kva grad det vil føre med seg eit oppsving i denne marknaden for skipsbyggjarane.

– Det kan skje - og eg trur at overgangen til skip med lågare utslepp, også krev nye skip for oljeservice, legg han til.

Alberto Maestrini Ronny Langset Vard Langsten Foto Marius Rosbach 11
MEIR ARBEID: Vard-sjef Alberto Maestrini saman med verftsdirektør Rony Langset under dåpen av KV Bjørnøya onsdag. Langsten-verftet skal levere skip nummer tre - KV Hopen - i første kvartal neste år. Foto Marius Rosbach 11

Cruisemarknaden er «mykje betre»
Før pandemien sette ein stoppar for det meste av cruiseturisme, hadde Vard ein rekke oppdrag i dette segmentet. Det er førebels ikkje kome nye ordrar på mindre cruiseskip i kjølvatnet av koronapandemien, men Maestrini ser ein positiv trend.

– Marknaden er mykje betre, og førespurnadene frå kundane er no på same nivå som før pandemien. Men fordi mange selskap framleis har mykje gjeld, kan det bremse investeringane enno ei periode.

– Vi veit ikkje når vi vil sjå nye kontraktar, men vi har ein rekke prosjekt vi jobbar med, fortel han.

Betydeleg oppsving på vindkraft
Vard har sikra seg ei rekke kontraktar på bygging av skip til vindkraftmarknaden det siste året.

Seinast i oktober fekk dei kontrakt på to nybygg til Windward Offshore. I mai signerte dei avtaler om bygging av til saman fire skip til Purus Wind og North Star.

– Vi har fått betydeleg med ordrar i marknaden for fornybar energi - om lag 40 prosent meir enn vi hadde i 2022. Det er positivt, seier Maestrini.

– Går litt i rykk og napp
Men havvindmarknaden er ikkje ein stabil marknad enno. Vard-sjefen viser til at det nyleg har kome meldingar om at kostnadane ved å produsere vindkraft til havs, er gått opp.

– Det er aukande kostnader både for material i leveringskjeden og på renter når ein lånar pengar, påpeiker han.

Det har også vist seg å vere meir trøblete for industrien enn venta, med å få alle reguleringar og løyver på plass. Vard-sjefen meiner kompleksiteten i byråkratiske prosesser for augneblinken bremser framgangen.

– Trenden er positiv, men aktiviteten går litt i rykk og napp, seier han.

Dåp kystvakt bjørnøya vard langsten foto marius 44
SKIPDÅP: Det andre skipet i den nye Jan Mayen-klassa til Sjøforsvaret, KV Bjørnøya, blei døypt og overlevert frå Vard onsdag denne veka. Foto: Marius Rosbach

Publisert: 03.11.2023 05:00

Sist oppdatert: 03.11.2023 01:27

Mer om