Karsten Flem 2
LONGVA: Fiskeforedlingsbedrifta Karsten Flem driv både med pelagisk fisk og saltfisk og klippfisk. I fjor omsette selskapet for meir enn nokon gong. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Auka sal for Karsten Flem

Familiebedrifta på Longva med rekordomsetning i fjor.

11.07.2022

Auka produksjon av sild og makrell, samt høgare prisar på klippfisk resulterte i at fiskebebedrifta Karsten Flem på Longva hadde rekordomsetning i fjor.

Omsetninga kom opp i 167,2 millionar kroner, og resultatet før skatt enda på 7,7 millionar kroner. Året før hadde bedrifta eit resultat før skatt på minus 3,8 millionar.

Karsten Flem
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 167,2 144,1
Driftsresultat 7,7 -3,6
Resultat før skatt 7,7 -3,8

Lang tradisjon
Bedrifta held til like ved Longvafjordvegen mellom Haramsøya og Flemsøya, og har tradisjon heilt tilbake til 1910.

Det var rundt 1930 at dåverande drivar Karl Flem satsa på tørrfisk.

Seinare har det vorte satsa både på produksjon av saltfisk og tørrfisk, i tillegg til kjøp og sal av sild og makrell.

Optimisme
Karl Flem var bestefar til dagens drivar Karsten Stig Flem, som eig 50 prosent av selskapet. Den andre halvparten eig Joachim Johnsen Flem.

Bedrifta har 15 tilsette, og styret skriv i årsmeldinga at ein er optimistisk for framtida, sjølv om konkurransen er hard.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 53,5 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 18,0 millionar.

Publisert: 11.07.2022 09:01

Sist oppdatert: 11.07.2022 09:03

Mer om