Eirik Kavli Ørskog Sparebank foto Ogne
GODT ÅR: Banksjef Eirik Kavli i Ørskog Sparebank styrer mot eit betre resultat i år, enn i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Auka utlån – halvert tap

Ørskog-bank merkar effekt av Moa-kontor.

Marius Rosbach
13.08.2021

Ørskog Sparebank melder om høg vekst i rapporten for andre kvartal. Perioden var prega av høg vekst i utlån og god salsutvikling, opplyser banken i ei børsmelding fredag.

Veksten kjem i hovudsak frå det geografiske kjerneområdet og er delvis eit resultat av etableringa av eit rådgjevingskontor på Moa.

Resultat før skatt enda på 16,2 millionar, ei betring frå 15,6 same periode i fjor, viser kvartalsrapporten.

Halvert tap
Rapporten viser også at tapa til banken er halvert i første halvår, frå knappe tre millionar, til 1,5 million.

Banken påpeiker at det framleis er usikkerheit knytt til koronapandemien, men at dei har lite eksponering mot reiseliv, restaurant og eventbransjen, som har vore hardast råka av pandemien.

Sparebanken meiner samtidig at lågt rentenivå er ein viktig årsak til at dei opplever lite misleghald.

Auka priskonkurranse
Ørskog-banken opplyser at dei har hatt fokus på sal av skadeforsikring første halvår, og lukkast å skape god vekst i denne porteføljen.

Rentenettoen er svekka det siste året, grunna auka priskonkurranse mellom bankane, spesielt på privatmarknaden. Totalt sett meiner styret likevel at resultatet for året som heilheit, blir noko betre enn i fjor.

Publisert: 13.08.2021 10:12

Sist oppdatert: 13.08.2021 10:18

Mer om