Trond Lars Nydal foto Sparebanken Møre
OPPOVER: Etter 1. kvartal såg tala frå Sparebanken Møre-sjef Trond Lars Nydal ut til å varsle at låneviljen i næringslivet var i ferd med å bremse, men 2. kvartalstala viser at veksttakta aukar igjen. Foto: Sparebanken Møre
Nytt

Auka utlånsveksten

Sparebanken Møre aukar veksttakta i utlån til næringslivet.

11.08.2022

Ved utløpet av 2. kvartal i år har Sparebanken Møre auka utlåna til næringslivet med 5,6 prosent i siste 12-månadarsperiode.

Det betyr at utlånsveksten har tatt seg opp igjen etter 1. kvartal i år. Då var utlånsveksten til næringslivet 3,8 prosent i siste 12-månadarsperiode, med tilsvarande tal for utgangen av 2021 var 5,4 prosent.

Utlån til privatkundar har auka 4,1 prosent i siste 12-månadarsperiode viser Sparebanken Møre sin 2. kvartals- og halvårsrapport, som er lagt fram i dag.

Samla utlåna auka 4,6 prosent.

Les børsmelding her

Banken auka lønsemda (sjå tabell) og er optimistisk på Nordvestlandet sine vegne, sjølv om konsekvensen av krig og pandemi kan bli utfordrande.

– Aktiviteten i det lokale næringslivet er god, og vi ser også at bustadmarknaden har halde seg godt oppe i vår region. Kostnadsauke på både råvarer og energi kombinert med eit stigende rentenivå, bidrar likevel til at vi er svært bevisst behovet for tett dialog med kundane våre, seier Sparebank Møre-sjef Trond Lars Nydal i ei pressemelding.

Sparebanken Møre
1. halvår. I mill. kroner20222021
Inntekt789758
Resultat før tap437445
Resultat før skatt445403
Sparebanken Møre
2. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt402371
Driftsresultat228213
Resultat før skatt236185

Publisert: 11.08.2022 07:48

Sist oppdatert: 11.08.2022 07:56

Mer om