Morten Holum Hexagon Purus
SATSAR: Hexagon Purus og konsernsjef Morten Holum ventar kraftig vekst framover, trass raude tal. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Auka både inntektene og tapa

Hexagon Purus forventar sterk omsetningsvekst vidare i 2022, men går framleis med store tap.

10.05.2022

Det Ålesund-baserte elskapet er ein 'spin off' frå Hexagon Composites og satsar stort på hydrogenløysingar for transportsektoren, men også på batteriteknologi.

I første kvartal i år omsette selskapet for 159 millonar kroner, der 107 millionar kroner stamma frå det oppkjøpte tyske selskapet Wystrach, eit selskap som i fjor vart kjøpt for 43,3 millionar euro.

Resultatet før skatt enda i første kvartal på minus 119 millionar kroner, mot minus 104 millionar i første kvartal i fjor (sjå tabell)

Hexagon Purus
1. kvartal (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 159 52
Driftsresultat -115 -70
Resultat før skatt -119 -104

Skal vekse
Hexagon Purus ventar at omsetninga i 2022 vil vekse med omlag 75 prosent.

Selskapet opplyser at ein er i ein vekstfase, som vil påvirke botnlinja, og der planen er å byggje opp anlegg fleire stader i verda.

Kina-satsing
Fleire samarbeidsavtalar er signerte i kvartalet. Ein av avtalane er med CIMC Enric for å byggje ein produksjonsfabrikk i kinesiske Shijiazhuang, og eit senter for hydrogenutvikling i Bejing Daxing-distriktet.

Hexagon Purus har i kvartalet også henta inn 600 millionar kroner.

7,5 milliardar
Selskapet er prisa til 7,5 milliardar kroner på Oslo Børs, trass i at aksjekursen har falle 13 prosent siste månaden.

Hexagon Composites eig 79,5 prosent av selskapet. Clearstream banking i Luxembourg eig 6,7 prosent, japanske Mitsuie & Co Ltd 2,0 prosent og Flakk-familien er tungt inne både direkte og gjennom Hexagon Composites.

Publisert: 10.05.2022 08:42

Sist oppdatert: 10.05.2022 10:04

Mer om