(NPK-Heidi Molstad Andresen): Fleire søkjer no om å få stadfesta framtidsfullmaktene sine hjå Statsforvaltaren, slik at fullmakta blir gyldig på alle område. Men mange misforstår framleis reglane.
– Ein del av malane for framtidsfullmakter som du finn på nett, har primært fokus på økonomi. Men du bør også tenkje over kva for andre område du kan kome til å trenge hjelp på. Mitt tips er å vere spesifikk der du kan. Er du for generell, risikerer du å avgrense fullmakta, seier Stian Stensrud, som er seniorrådgivar hjå Statsforvaltaren Vestland.
I ei framtidsfullmakt er det du, fullmaktsgivaren, som gir ein eller fleire du stolar på rett til å representere deg dersom du i framtida blir råka av demens eller anna alvorleg sjukdom. Vedkommande blir kalla fullmektig.
– Om ei framtidsfullmakt er skriven slik at ho regulerer absolutt alle behova du kan kome til å få, kan ho heilt erstatte eit offentleg verjemål. Difor er det lurt å ta deg god tid når du skriv framtidsfullmakta, forklarar Stensrud.
Kva og korleis
Vil du til dømes sitje i skifta eller uskifta bu om ektefellen din døyr? Vil du bu heime så lenge som mogleg, eller kunne du tenkje deg plass på sjukeheim? Skal huset ditt seljast om du flyttar, eller leigast ut eller stå tomt til den dagen du går bort? Og om du vil at fullmektigen skal hjelpe deg å selje unna ting heime, er det ting vedkommande absolutt ikkje må finne på å røre? Skriv det ned!
– Det er berre det du har bestemt at fullmektigen skal hjelpe deg med, at vedkommande faktisk kan hjelpe deg med. Då er det dumt å avgrense kva fullmektigen kan gjere, ved til dømes å skrive «Denne fullmakta gjev fullmektigen rett til å gjere A, B og C». For kva då med D og E? Viss du i staden skriv «Fullmektigen skal vareta økonomien min, ved blant anna å gjere A, B og C, men ikkje avgrensa til dette», opnar formuleringa for at du også kan få hjelp til ting du ikkje tenkte på der og då, seier Stensrud.
Detaljar som tel
Om du peiker ut fleire fullmektigar, bør du spesifisere kva kvar enkelt fullmektig har fullmakt til. Skal ein person handtere økonomien og betale rekningane kanskje, medan ein annan følgjer opp helsetenester og Nav? Og apropos økonomi; Skal den som har ansvar for å betale rekningane dine, også gje pengegåver frå deg til jul og fødselsdagar og konfirmasjonar ..?
Er framtidsfullmakta for generell, med formuleringar av typen «fullmektigen skal vareta alle personlege og økonomiske interesser på alle område», gir du dessutan fullmektigen veldig lite rettleiing om korleis vedkommande skal hjelpe deg. Då er det heller ikkje sikkert at du får hjelp slik du ville ha ynskt det.
Om du ikkje er spesifikk, risikerer du og å kome i ein situasjon der fullmektigen er inhabil til å handle på vegner av deg. Hovudregelen seier at fullmektigen er inhabil i tilfelle der personar som står fullmektigen nær har ei interesse i saka som strid mot dine interesser, forklarar Stensrud:
– Om du til dømes vel barnet ditt som fullmektig, vil barnet som hovudregel vera inhabil til å dele ut arveforskot og gåver til seg sjølv. Men ettersom ei framtidsfullmakt er ei privat ordning, kan du også sette til side habilitetsreglane – om du til dømes skriv «Eg vil at sonen min skal hjelpe meg med arveforskot og gåver, sjølv om han er inhabil».
Formelle krav
Samstundes er det fleire krav til både deg som fullmaktsgjevar og fullmektigen som det ikkje er mogleg å setje til side, understrekar Stensrud.
Som fullmektigar må du mellom anna ha fylt 18 år og forstå kva fullmakta betyr. Den eller dei fysiske personane du peikar ut som framtidsfullmektig må ha fylt 18 år når framtidsfullmakta trer i kraft og kan ikkje sjølv ha verje. Framtidsfullmakta skal også alltid underteiknast av to vitne.
– Både du og begge vitna må vere til stades og underteikne framtidsfullmakta samtidig. Men korkje fullmektigen eller ektefellen, sambuaren, foreldra, barna eller barnebarna til fullmektigen kan vera vitne, forklarar Stensrud.
– Det kan i tillegg vere lurt å innhente ei legeerklæring på det tidspunktet du skriv fullmakta, for å dokumentere at du er samtykkekompetent og forstår rekkevidda av fullmakta du har skrive.
Auke i stadfesting
Ein fullmektig kan fint bruke framtidsfullmakta som ho er, den dagen du er blitt så sjuk at fullmakta trer i kraft. Men det er også fleire instansar som krev at fullmakta er stadfesta av Statsforvaltaren før dei gir fullmektigen tilgang til å ta avgjerder på vegner av deg, påpeikar Stensrud.
Statens kartverk krev til dømes at fullmakta er stadfesta om den fullmektige skal få lov til å selje eller overdra eigedom på vegner av deg. Fleire bankar stiller også krav til stadfesting om dei skal gje den fullmektige tilgang på bankdisposisjonar.
Ved ei stadfesting, sørgjer Statsforvaltaren for at framtidsfullmakta blir tinglyst og registrert i aktuelle register. Den fullmektige får også ein attest som han eller ho kan bruke ved behov.
– Hjå Statsforvaltaren i Vestland har me hatt ein gradvis auke i søknader. I fjor stadfesta me 265 framtidsfullmakter, medan me hittil i år har stadfesta 340, seier Stensrud.
Krev legeerklæring
Det er fullmektigen din som må sende framtidsfullmakta til Statsforvaltaren for å få ho stadfesta. Hjå Statsforvaltaren kontrollerer dei om dei formelle krava er oppfylte. Dei vurderer derimot ikkje om sjølve innhaldet i framtidsfullmakta er gyldig. Det er det berre retten som kan gjere.
– For at me skal kunne stadfeste ei framtidsfullmakt, må fullmektigen sende oss den originale framtidsfullmakta og ei legeerklæring som stadfestar at fullmaktsgivaren no ikkje er i stand til å vareta dei interessene som blir regulerte i framtidsfullmakta.
– Det er også fint med legeerklæringa frå tida då fullmakta vart skriven, som fortel at fullmaktsgivaren var samtykkekompetent på det tidspunktet. I tillegg treng me dokumentasjon på at nære pårørande til fullmaktsgivaren har fått beskjed om at framtidsfullmakta no har tredd i kraft, forklarar seniorrådgjevaren.
Fleire misforstår
Sjølv om reglane for både framtidsfullmakt og stadfesting er klare, er det ikkje alle som har sett seg like godt inn i formalitetane.
– Ei framtidsfullmakt trer som sagt først i kraft når den som skreiv fullmakta ikkje lenger er i stand til å vareta interessene som blir regulerte i fullmakta. Det er ein del som misforstår dette og sender oss framtidsfullmakta for stadfesting medan fullmaktsgivar framleis er frisk. I slike tilfelle avsluttar me saka. Me kan heller ikkje oppbevare framtidsfullmakta fram til ho skal tre i kraft, seier Stian Stensrud.
(©NPK)
Publisert: 15.10.2024 18:12
Sist oppdatert: 15.10.2024 18:16