Val NTB
VAL: Folkeavstemmingar i kommunane er ikkje bindande, men blir i dei aller fleste tilfelle følgde av politikarane. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Nytt

Aure blir i Møre og Romsdal

Ordførar Hanne Berit Brekken (Ap) i Aure slepp å førebu overgang til Trøndelag etter at folkeavstemminga.

14.09.2021

(NPK-NTB-Jan-Morten Bjørnbakk) Folkeavstemminga gav eit knapt fleirtal for å bli i Møre og Romsdal.

I år er det sju kommunar som held åtte folkeavstemmingar. Dei fleste, men ikkje alle, vart haldne samtidig som stortingsvalet søndag og måndag med rikeleg høve til å førehandsstemme.

Smøla og Aure held begge folkeavstemmingar om dei skal byte fylke til Trøndelag. I Aure vart det levert 1.941 stemmer. Det gir ei valdeltaking på 75 prosent. Blant dei som stemde, var det 51 prosent som ville bli i Møre og Romsdal og 45 prosent som ville byte fylke. Smøla held avstemminga si om to veker.

– Dette er greitt å halde seg til. I ei jamn avstemming vil eit fleirtal bli verande i Møre og Romsdal. Det krev ingen tiltak, planar eller oppfølging, seier Brekken til NTB.

Skifte målform
Den andre folkeavstemminga i Aure handla om målform. Kommunen har tre skular der to er nynorskskular og ein bokmålsskule. Folkeavstemminga handla om dei to nynorskskulane skulle skifte målform til bokmål.

Viss politikarane følgjer rådet frå innbyggjarane, blir Aure no ein bokmålskommune i skulen. 53,2 prosent av dei 1.310 som stemde vil ha bokmål. 42,4 prosent stemde for nynorsk.

– Det er så jamt i folkeavstemmingane. Dette blir ei større utfordring enn å bli i Møre og Romsdal. Vi må finne overgangsordningar for elevar som har starta med nynorsk. Det blir ei sak for administrasjonen å leggje fram ein opptrappingsplan, seier Aure-ordførar Hanne Berit Bakken.

Hegnar om buplikta
I Kvitsøy utanfor Stavanger har dei 500 stemmeføre hatt moglegheita til å seie kva dei meiner om framleis buplikt eller ikkje. Kvitsøy er den einaste kommunen i Rogaland som framleis har buplikt. Dette for å hindre at eigedommar blir kjøpt opp og blir brukt som fritidsbustader.

Dei førebelse resultata frå kommunen viser eit overveldande fleirtal for å behalde buplikta. To tredelar vil behalde buplikta, medan ein tredel vil fjerne ho. 60 prosent meiner det skal vere slektskapsunntak viss buplikta blir ført vidare.

Tett om målform
I Hemsedal kommune har målforma på den nye sentralskulen til kommunen vore oppe til rådgivande folkeavstemming. Ifølgje Hallingdølen ligg det an til dødt løp i den spennande oppteljinga.

– Då vi gjekk heim måndag kveld, var det mindre enn 20 stemmer som skilde, seier varaordførar Peter Owesen til Hallingdølen. Resultatet er ikkje venta før tysdag kveld.

To folkeavstemmingar vart haldne alt i mars. Hustadvika i Møre og Romsdal hadde ei lokal folkeavstemming om målforma på Jendem skule. Også Lyngdal i Agder hadde ei slik avstemming, der det gjaldt Byremo barneskule. På Jendem var det bokmålet som vann fram, medan befolkninga på Byremo vil behalde nynorsk som målform på skulen.

Alle folkeavstemmingar i Noreg – lokale som nasjonale – er rådgivande. Altså har ikkje kommunestyra noka plikt til å følgje tilrådingane til innbyggjarane, men historisk har dei som oftast valt å gjere nettopp det.

Publisert: 14.09.2021 13:00

Sist oppdatert: 14.09.2021 13:00