Håvard Wiker Jo Stian Tverberg foto Ogne
NY RUNDE: Lagmannsretten må vurdere på nytt om råda DLA Piper gav Aurstad-konsernet gjorde at konsernet gjennomførte transaksjonar som konsernet tapte på før konkursen i det dåverande hovudselskapet, K.A. Aurstad, i 2018. Til høgre bustyrar Håvard Wiker, til venstre administrerande direktør Jo Stian Tverberg i Aurstad-konsernet. Foto: Ogne Øyehaug.
Nytt

Aurstad-konsernet vann i Høgsterett

Høgsterett har oppheva frifinninga av Aurstad-rådgivar. Blir ny runde i retten.

19.11.2021

I august 2020 vart advokatfirmaet DLA Piper dømt til å betale Aurstad-selskapet Aurstad Maskinutleige 8,6 millionar kroner etter råd selskapet gav før K.A. Aurstad-konkursen. Dommen blei anka og i lagmannsretten fekk DLA Piper medhald.

Den dommen vart anka til Høgsterett, som no har bestemt at lagmannsretten må behandle saka på ny.

Tok beslag
Striden gjeld salet av maskinparken til entreprenørselskapet K.A. Aurstad til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige i oktober 2018, før konkursen i K.A. Aurstad i desember 2018.

Prisen for maskinparken var 20 millionar kroner.

Bustyrar Håvard Wiker ville ikkje godkjenne salet, og meinte Aurstad Maskinutleige ikkje hadde oppnådd rettsvern for maskiner og utstyr som var kjøpt, fordi utstyret og maskinene ikkje var fysisk flytta frå selgar til kjøpar (overlevert).

Usemja mellom bustyret og Aurstad Maskinutleige enda med eit forlik 22. desember 2018. I forliket vart verdien av maskinene sett til 40 millionar kroner, og Aurstad Maskinutleige fekk behalde maskiner for 9,5 millionar kroner.

Dårleg råd
Aurstad Maskinutlege meinte dårleg rådgiving gjorde at transaksjonen vart gjennomført, og at selskapet ikkje var informert om det moglege rettsvernproblemet.

Den vurderinga var utgangspunktet også for tingretten sin dom, medan lagmannsretten meinte Aurstad Maskinutleige hadde rettsvern - og at DLA Piper ikkje hadde gitt eit dårleg råd.

Fleirtalet i Høgsterett er usamd med lagmannsretten og konkluderer med at Aurstad Maskinutleige ikkje hadde rettsvern, og at DLA Piper har erkjent ansvar dersom det er krav om overlevering -slik tingretten konkluderte.

Ny sak på nytt grunnlag
I og med at Høgsterett har oppheva dommen frå lagmannsretten må tvisten mellom Aurstad Maskinutleige og DLA Piper opp til ny behandling i lagmannsretten.

Utgangspunktet for den saka blir at DLA Piper har eit ansvar for rådet som blei gitt.

Det lagmannsretten må ta stilling til er om det er ein årsakssamanheng mellom rådet som blei gitt og det tapet Aurstad Maskinutleige meiner selskapet blei påført, og eventuelt kor stor erstatninga skal vere.

Ventar på dom
Salet av maskinparken førte også til at Økokrim tok ut tiltale mot hovudaksjonær og styremedlemn Cato Aurstad for grovt kreditorsvik, fordi Økokrim meinte salet skjedde langt under marknadspris.

Aurstad vart dømt til eitt år og ni månaders fengsel i Søre Sunnmøre Tingrett i mai i år. Dommen er anka, og ikkje rettskraftig.

Publisert: 19.11.2021 13:29

Sist oppdatert: 19.11.2021 13:31

Mer om