Nordøyvegen masselager stein foto Møre og Romsdal fylkeskommune 11
MASSELAGER: Ørsta-entreprenøren Aurstad får hente kring ein firedel av steinen som er lagra på Masselageret sør på Fjørtofta. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Nytt

Aurstad sikra gratis tunnelstein

Skal køyre 4000 trailerlass med stein frå Nordøyvegen til Gjøsundet.

Marius Rosbach
01.09.2021

Aurstad Tunnel har fått tilsegn om 80 000 kubikkmeter tunnelstein frå masselageret til Nordøyvegen sør på Fjørtofta, melder Møre og Romsdal fylkeskommune på si nettside.

Det er kring ein firedel av steinen ved masselageret og tunnelsteinen blir gitt bort mot at mottakaren sørger for transport.

Transporten vil ta tre månader
Til saman dreiar det seg om 4000 turar med semitrailer. Planen er å transportere 1000 kubikk tunnelstein om dagen i tre månader, og Ørsta-selskapet startar transporten første veka i september.

Fylkeskommunen kan i følge reguleringsplanen avhende stein frå masselageret sør på Fjørtofta fram til 2037. Det er også eit masselager nord på Fjørtofta.

(saka held fram under)

Nordøyvegen laukebrua siste dekkestøyp foto nordøyvegen på facebook
LANDFASTE: Då den siste dekkestøypen på Laukebrua var ferdig, var Harøya, Fjørtofta, Flemsøy/Skuløy, Haramsøya og Lepsøya landfaste. Foto: Nordøyvegen på Facebook

Øyane blei landfaste
Før helga blei Harøya, Fjørtofta, Flemsøy/Skuløy, Haramsøya og Lepsøya landfaste då den siste dekkestøypen på Laukebrua var ferdig.

Det skjedde torsdag, nøyaktig eitt år før den offisielle opninga av fastlandssambandet. Delar av vegen opnar allereie 18. september.

Etterlengta utviding
Tunnelsteinen frå Nordøyvegen skal Aurstad nytte til utviding av fiskerihamna ved Gjøsundet mellom Valderøya og Giske.

Giske er ei stor fiskerikommune, men ei skikkeleg hamn har vore eit sakn. Med statlege millionar i potten er no planane om ei utbygging av fiskerihamna i ferd med å realiserast.

Det blir lagt til rette for fleire kaier. Ferdig regulert hamneområde blir om lag 570 mål og kan seinare utvidast betydeleg, ifølgje Gjøsundhamn.no.

Publisert: 01.09.2021 15:14

Sist oppdatert: 01.09.2021 15:57

Mer om