Nordøyvegen hestøya innfelt marianne nærø foto nordøyvegen på facebook mr fylkeskommune 33
KRITISK OPPGÅVE: Ved det u-forma betongfundamentet nede om lag midt på bildet kjem ein asfaltkjernedam. Prosjetleiar Marianne Nærø (innfelt) er nøgd med at det sveitsiske firmaet får kome og gjere jobben. Foto: Nordøyvegen på Facebook
Nytt

Får ekspertar til kritisk operasjon

Unntak frå innreisestopp og mange nordmenn i arbeid, bidreg til at tempoet på Nordøyvegen blir halde oppe.

Marius Rosbach
26.03.2021

Ein rekke bygg- og entreprenørprosjekt har fått problem med å halde framdrifta som følgje av innreisestoppen frå utlandet. På Nordøyvegen held dei førebels tidsplanen.

– Ja, bank i bordet – per i dag går anlegget som normalt, fortel prosjektleiar Marianna Nærø til NETT NO.

Ho leiar bygginga av det største samferdselsprosjektet i Møre og Romsdal, og første del av fastlandssambandet skal etter planen opnast mot slutten av året.

Tidlegare i vinter var ho spent på om innreisestoppen som følgjer av pandemien, ville føre til forseinkingar.

(saka held fram under)

Nordøyvegen asfaltkar foto nordøyvegen på facebook 22
UNDER HAVOVERFLATA: Påhogget til tunnelen på Hestøya ligg under havoverflata. Foto: Nordøyvegen på Facebook

Unntak for sveitsiske ekspertar
Enkelte utfordringar har det vore, men til no er dei løyst. Mellom anna fekk dei denne veka unntak for nokre sentrale personar som trengst til ein kritisk operasjon over påske.

– Vi skal lage ein asfaltkjernedam i samband med eit påhogg som ligg under vatn. Den jobben skal utførast av eit sveitsisk firma. No har vi heldigvis fått godkjenning slik at dei får kome inn via Sandefjord der dei vil vere i karantene, fram til dei kjem hit på jobb etter påske, fortel prosjektleiaren.

Du kan følgje bygginga via Facebook-sidene til Nordøyvegen (ekstern lenke)

Forlenga innreiserestriksjonar

Regjeringa har forlenga innreiserestriksjonane – førebels til over påske – som gjer at det berre er utlendingar busett i Norge som får kome til landet.

Det er framleis unntak for ein del grupper, men alle må gjennom testar og opphald på karantenehotell.

Dette er dei strengaste reglane som er innført sidan nedstenginga i mars 2020.

Bransjar som er avhengig av utanlandsk arbeidskraft, som bygg- og anlegg og verftsindustrien, kan bli råka av forseinkingar.

Nordøyvegen lepsøybrua foto nordøyvegen på facebook 111
LESPØYBRUA: Dekkestøyping på Lepsøybrua frå fastlandet tidlegare i månaden. Samferdsleprosjektet skal gi veg for kring 2700 innbyggjarar på Nordøyane. Foto: Nordøyvegen på Facebook

Mange norske arbeidarar
Ei av årsakene til at ikkje Nordøyvegen-bygginga ikkje blir råka hardt av restriksjonane, er at dei har mange norske arbeidarar. Mange av arbeidarane er også lokale. For å utføre arbeidet har hovudentreprenøren Skanska hyra inn samarbeidsselskapet Anlegg Nordvest.

Her har dei lokale selskapa Aco Anlegg, Opshaug Sandtak i Stranda og Busengdal gått saman om å sikre seg oppdrag til ein verdi av 300 millionar kroner.

– Det er ikkje slik at vi vurderer nordmenn til å vere betre, men det var ein del av totalpakka og det var dei beste folka som blei valt til å bygge vegen. Det gjer at vi framleis har normal drift, meiner Nærø.

Nordøyvegen tunnel foto nordøyvegen på facebook 111
FJØRTOFTTUNNELEN: Betongbilen står i ei nisje i tunnelen frå Harøya. Resten av tunnelen skal drivast frå frå Harøya. Foto: Nordøyvegen på Facebook
Vi kan ikkje eliminere risikoen for smitte heilt, men vi forsøker heile tida vere bevisst på korleis vi kommuniserer og samhandlar
Marianne Nærø

Krevjande logistikkoperasjon
Prosjektleiaren omtalar likevel pandemi-situasjonen som «veldig utfordrande».

I det daglege skal arbeidarane halde avstand ofte på avgrensa plass, arbeidslag skal organiserast i kohortar og organisasjonen må heile tida halde kontroll på logistikken kring karanteneopphald og testing.

– Til dømes er det jamt og trutt nokon som må jobbe overtid fordi nokon er i karantene. Noko av det viktigaste vi formidlar til våre folk er det dei skal isolere seg med ein gong dei føler seg litt pjusk. Vi kan ikkje eliminere risikoen for smitte heilt, men vi forsøker heile tida vere bevisst på korleis vi kommuniserer og samhandlar med folk på anlegget, fortel Nærø.

Du kan følgje bygginga via Facebook-sidene til Nordøyvegen (ekstern lenke)

Publisert: 26.03.2021 10:55

Sist oppdatert: 26.03.2021 10:59

Mer om