Avslører nytt namn
Visma Avento blir del av det nystarta it-konsernet Twoday.
Frå tysdag blir Visma Avento del av det nystarta IT-konsernet med namnet Twoday.
Det var danske Børsen.dk som første melde at det tidlegare Visma Custom Solutions blir del av det nye konsernet.
Skal tredoble omsetninga
Målsettinga er at
konsernet med fleire enn 2000 tilsette i Norden, skal tredoble
omsetninga på fem år. Det skal mellom anna skje ved oppkjøp, ifølgje den
danske avisa.
Visma Avento blei i sommar kjøpt av CVC Capital Partners saman med
større delar av Visma-konsernet, som no kjem inn i det nye selskapet.
Dei tilsette får sjansen til å bli medeigarar i det nye konsernet til samma pris som CVC betalte for aksjane frå Visma.
Vil vekse på Sunnmøre
Dagleg leiar
Torill Standal Eliassen i tidlegare Visma Avento fortel til
Sunnmørsposten at dei satsar på meir vekst på Nordvestlandet.
– Vi skal bygge opp på Sunnmøre og ikkje flytte ut arbeidskraft. Eigarane er opptatt av at vi skal vekse, og dei skal hjelpe oss med det. Målet er at vi skal bli 150 tilsette i løpet av dei neste åra, seier ho til avisa.
I dag er selskapet 90 tilsette, dei fleste i Ålesund. Twodays vil ha rundt 500 tilsette i Norge og norsk sjef er Kristin Rotevatn Nyberg.
Publisert: 25.10.2022 00:40
Sist oppdatert: 25.10.2022 08:44