Arctic Bioscience i Hovdebygda i Ørsta arbeider med å utvikle eit legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis, basert på silderogn. Fleire investorar frå Nordvestlandet er aksjonærar i selskapet.
Etter at børsen stengte torsdag sende selskapet ut ei melding om positive resultat frå ein eitt år lang internasjonal studie av middelet, som no er fullført.
Før børsen opna fredag låg kursen an til å stige frå 4,61 til 6,26 kroner per aksje - ny rekord for året- , men slik gjekk det ikkje.
- Klokka 9:26 var kursen 4,97 kroner aksjen, opp 7,81 prosent sidan i går ettermiddag.
- Klokka 09:48 var kursen nede i 4,3 kroner aksjen
- Klokka 1614:42 var kursen opp i 4,,95 kroner
- Då børsen stengte var kursen 4,50 kroner, 2,39 prosent ned samanlikna med sluttkurs torsdag ettermiddag.
Dei førebelse resultata frå studien viser ein skilnad på testpersonane som brukte middelet og dei som berre fekk narremiddel. Resultata eit halvt år ut i studien viste ingen klar skilnad, og aksjekursen stupte frå då 13 til under to kroner aksjen.
Poenget med den medisinske studen er å skaffe dokumentasjon som gjer at psoriasismiddelet kan godkjennast som legemiddel. Resultata frå studien som vart offentleggjprt torsdag er berre mellombelse. Ein fullstending rapport om kva studien har funne kjem først i juni i år.
Aksjekursutviklinga i løpet av dagen gav ein peikepinn på om dei førebelse resultata har gitt aksjespekulantane auka tru på om legemiddelsatsinga til Arctic Bioscience har lukkast. Slik kursen svinga i dag er svaret både og, og at den positive forventinga som er der ikkje er blitt vesentleg større enn får meldinga kom.
Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar til børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte i ettermiddag.
| Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
| Arctic Bioscience | 4,50 | -2,39 % |
| Atlantic Sapphire | 7,32 | -3,21 % |
| Endúr | 79,30 | 1,80 % |
| Golden Energy Offshore Services | 17,85 | 5,94%
|
| Hav Group | 6,50 | -3,56% |
| Havila Kystruten | 1,04 | 4,00% |
| Havila Shipping | 1,26 | 2,45% |
| Hexagon Composites | 19,62 | -1,31% |
| Hexagon Purus | 1,95 | -5,80% |
| Hofseth Biocare | 1,77 | 0,57% |
| Norva 24 Group* | 36,40 | 0,27% |
| Romsdal Sparebank | 121,98 | 0,79% |
| Salmon Evolution | 6,05 | -1,63& |
| Sparebanken Møre | 98,75 | 1,83% |
| * Kurs i SEK | ||
Publisert: 25.04.2025 08:56
Sist oppdatert: 25.04.2025 17:02






