Hexagon Composites deler ut aksjar selskapet eig i Hexagon Purus som utbytte til eigne aksjonærar. Det skjer i dag.
Hexagon Composites-eigarane blir dermed direkte eigarar i Hexagon Purus, i staden for å eige Hexagon Purus gjennom Hexagon Composites.
Frå å eige over 70 prosent i Hexagon Purus har Hexagon Composites no ein "ikkje-kontrollerande" eigarandel i selskapet.
Hexagon Compositets lagar tankar og system for bruk at natur- og biogass som energikjelde. Hexagon Purus gjer tilsvarande for hydrogen, men eigarskapet har gjort at dei har vore vanskelg for investorane å skilje dei to.
No blir det lettare, og i dag var Hexagon Composites dagens børsvinnar på Nordvestlandet, medan berre Havila Kystruten fall meir enn Hexagon Purus.
| Børsdagen | ||
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Hexagon Composites | 24,76 | 12,31 % |
| Arctic Bioscience | 10,10 | 3,70 % |
| Golden Energy Offshore Services | 1,12 | 2,00 % |
| Hav Group | 9,78 | 1,45 % |
| Statt Torsk | 0,60 | 0,00 % |
| Hofseth Biocare | 2,45 | 0,00 % |
| Eqva (tidlegare Havyard Group) | 2,80 | 0,00 % |
| Atlantic Sapphire | 6,09 | -0,98 % |
| Sparebanken Møre | 76,13 | -1,00 % |
| Norva 24* | 24,90 | -1,18 % |
| Endúr | 38,20 | -1,55 % |
| Salmon Evolution | 6,44 | -2,87 % |
| Havila Shipping | 11,74 | -2,98 % |
| Nortel | 28,00 | -3,45 % |
| Hexagon Purus | 18,82 | -4,37 % |
| Havila Kystruten | 1,15 | -6,15 % |
| *Svenske kroner |
Publisert: 06.07.2023 17:13
Sist oppdatert: 06.07.2023 17:15





